Chiemsee er ein innsjø i Bayern i Tyskland mellom byane Rosenheim og Salzburg. Han vart stundom kalla «Den bayerske sjøen». Chiemsee får vatn frå elvane Tiroler Achen og Prien, medan vatnet renn vidare ut i Alz. Chiemsee er delt inn i ein større, nordleg del i nordaust kalla Weitsee og Inselsee i sørvest.

Området rundt Chiemsee vert kalla Chiemgau og er ein kjend feriestad.

Chiemsee er òg namnet på eit tysk sportsklesmerke.

Herrenchiemsee, Frauenchiemsee og «Krautinsel» Dei to største øyane i Chiemsee er Herrenchiemsee (den største) og Frauenchiemsee, òg kalla Herreninsel og Fraueninsel. Ei tredje og mindre øy heiter Krautinsel, og ho er ikkje busett. På Herrenchiemsee står det mellom anna eit slott bygd av Kong Ludvig II i 1878, som òg heiter Herrenchiemsee. Dette slottet vart aldri gjort ferdig, og det var meininga at det skulle vere ein kopi av Versailles i Frankrike. Mange av dei meir interssante romma i slottet er open for turistar, og slottet og området rundt er open heile sommaren. Frauenchiemsee er den mindre av dei to største øyane og huser eit benediktinarnonnekloster (bygd i 782) i tillegg til ein liten landsby. Nonnene lagar ein likør kalla Klosterlikör.

Bortsett frå dei største øyane finn ein i tillegg tre småøyar: Schalch vest for Frauenchiemsee to holmar utan namn, som ligg 54 og 80 meter sør for Krautinsel med eit areal på 30 m² kvar.

Bakgrunnsstoff

Kjelde

Kategori:Innsjøar i Tyskland