Loire (frankoprovensalsk Lêre, oksitansk Léger) er eit departementet aust i sentrale delar av Frankrike. Departementet ligg i regionen Rhône-Alpes, og er kalla opp etter elva med same namn, som har sitt utspring her.

Historie Loire vart danna i 1793 då det opphavlege departementet Rhône-et-Loire vart delt i to.

Tidlegare hovudstadar har vore: Feurs frå 1793-1795 Montbrison frå 1795-1855 Saint-Étienne sidan 1855

Geografi Departementet er i dag ein del av regionen Rhône-Alpes og grensar til departementa Rhône, Isère, Ardèche, Haute-Loire, Puy-de-Dôme, Allier og Saône-et-Loire.

Elva Loire renn gjennom departementet frå sør til nord.

Folkesetnad Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Ligériens.

Industribyen Saint-Étienne har med storbyrområdet sitt om lag 290 000 innbyggjarar av totalt 730 000 innbyggjarar i heile departementet.

Bakgrunnsstoff

Prefekturet si nettside Offisiell nettside

Loire