Eure-et-Loir er eit departementet nordvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Centre, og er kalla opp etter elvene Loir og Eure.

Historie Eure-et-Loir er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av dei tidlegare provinsane Orléanais, Perche og Chartrain.

Geografi Departementet utgjer største delen av regionen Beauce, men er politisk ein del av regionen Centre. Eure-et-Loir grensar til departementa Loir-et-Cher, Loiret, Essonne, Yvelines, Eure, Orne og Sarthe.

Demografi Innbyggjarane i departementet vert kalla euréliens.

Turisme Den største turistattraksjonen i departementet er domkyrkja Cathédrale Notre-Dame de Chartres i Chartres, med dei flotte glassmåleria.

Bakgrunnsstoff

Prefekturet si nettside Offisiell nettside Turisme i Eure-et-Loir

Kategori:Franske departement