For elva med same namn, sjå elva Charente

Charente er eit departement vest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Poitou-Charentes, og er kalla opp etter elva med same namn.

Historie Charente er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna av den tidlegare provinsen Angoumois.

Geografi Departementet er i dag ein del av regionen Poitou-Charentes og grensar til departementa Vienne, Haute-Vienne, Dordogne, Gironde, Charente-Maritime og Deux-Sèvres. Det inneheld delar av dei geografiske områda Poitou og Limousin.

Demografi Innbyggjarane i departementet vert kalla charentais.

Økonomi Konjakk og pineau er to store eksportvarer frå Charente. Dei produserer òg eit svært godt smør.

Bakgrunnsstoff

Prefekturet si nettside Offisiell side Offisiell turistside

Kategori:Franske departement