mini|Landa i Nord-Afrika Nord-Afrika er den delen av Afrika som ligg nord for Sahara, og skil seg språkleg, kulturelt og klimamessig frå resten av kontinentet. Området omfattar Vest-Sahara, Tunisia, Marokko, Algerie, Libya og Egypt. I vide definisjonar vert Mauritania, Sudan, Etiopia og Eritrea òg tekne med ettersom dei har hatt mykje av dei same kulturelle påverkingane frå Arabia og islam. I snevre definisjonar vert Egypt utelate.
Kultur mini|Frå Casbah i Marokko. (Foto: Andy Wright)
Innbyggjarane og kulturen i Nord-Afrika har røter frå både Afrika og Midt-Austen, men dei er i dag mest knytte til den arabisk-talande muslimske verda. Fleirtalet av menneska som bur der er muslimar, men ein finn òg kristne og jødar. Hovudspråka i området er ulike arabiske dialektar og berberspråk.
Ein kan dela regionen inn i tre ulike kulturelle område: Maghreb i nordvest), Sahara, og Nildalen i aust.
Dei vestlege områda i Maghreb og Sahara er prega av berbisk og arabisk kultur, i tillegg til tidlegare påverknad frå middelhavsfolk som nubiarar, grekarar, fønikarar, romarar og vandalar. I Sahara går eit skilje mellom fastbuande i oasar og nomadiske beduinar og tuaregar.
Nildalen kan spora kulturen sin tilbake til faraotida i det gamle Egypt, og har i tillegg til ein muslimsk majoritet grupper av kristen koptarar. Lenger sør i området bur hovudsakleg ikkje-muslimske nilotar og nubaer.
Historie mini|venstre|Spor etter kartaginarar og romararar i Libya. (Foto: Robert Bamler)
Opphavleg var innbyggjarane i det meste av Nord-Afrika svarte afrikanarar, men mange av desse forlet området då Sahara vart ein ørken. Ein av verdas eldste sivilisasjonar oppstod i Egypt for fem tusen år sidan. Sidan grunnla fønikarane og romarane koloniar langs kysten.
Området vart invadert av muslimske arabarar på 600-talet, og regionen med unntak av Marokko kom sidan med i Det osmanske riket. På 1800-talet vart det kolonisert av Frankrike, Storbritannia, Spania og Italia. Alle dei nordafrikanske statane vart sjølvstendige på 1950- til 1970-talet, bortsett frå nokre små spanske koloniar lengst nord i Marokko, og Vest-Sahara, som framleis er okkupert av Marokko.
Området hadde tidlegare ein stor jødisk busetnad, sefardiske jødar, som var komne dit under europeiske forfølgingar i renessansetida. Dei fleste av desse emigrerte til Frankrike eller Israel då dei nordafrikanske landa fekk sjølvstende. Medan det fanst 600 000–700 000 jødar i området før Israel blei til, er det i dag igjen berre rundt 15 000 i regionen.
Sjå òg Magreb Afrika sør for Sahara
Geografiske område
Nasjon med flagg Areal(km²) Befolkning(1. juli 2002 est) Folketetthet(per km²) Hovudstad Nord-Afrika: 22x20px Algerie 2 381 740 32 277 942 13,6 Alger 22x20px Egypt 1 001 450 70 712 345 70,6 Kairo 22x20px Libya 1 759 540 5 368 585 3,1 Tripoli 22x20px Marokko 446 550 31 167 783 69,8 Rabat 22x20px Djibouti 23 000 472 810 20,6 Djibouti 22x20px Eritrea 121 320 4 465 651 36,8 Asmara 22x20px Etiopia 1 127 127 67 673 031 60,0 Addis Abeba 22x20px Somalia 637 657 7 753 310 12,2 Mogadishu 22x20px Mauritania 1 030 700 2 828 858 2 7 Nouakchott 22x20px Djibouti 23 000 472 810 20,6 Djibouti 22x20px Eritrea 121 320 4 465 651 36,8 Asmara 22x20px Etiopia 1 127 127 67 673 031 60,0 Addis Abeba
Kategori:Afrika