Béziers (Besièrs på oksitansk og Besiers på katalansk) er ein by i Languedoc sørvest i Frankrike. Han er ein kommune og sous-préfecture i departementet Hérault, og har om lag 70 000 innbyggjarar, som vert kalla biterrois.

Hovudnæringa i Béziers er dyrking av vindruer og vinproduksjon.

Geografi Byen ligg i ein liten skrent over elva Orb, om lag 10 km frå Middelhavet. Ved Béziers går kanalen Canal du Midi over Orb som ein akvedukt kalla pont-canal («kanalbrua»).

Historie Staden har vore busett sidan steinalderen, og romarane grunnla ein by her på vegen mellom Spania og Italia. Dei grunnla byen på ny i 35-36 fvt. som ein koloni for krigsveteranar, og kalla han Colonia Julia Baeterrae Septimanorum. Steinar frå det romerske amfiteateret vart nytta til å byggje bymuren på 200-talet.

Frå 900- til 1100-talet var Béziers senter for Grevskapet Béziers.

Kjelder

Offisiell turistside Bilete frå Béziers Den gamle gravplassen i Béziers Historia til Beziers

Beziers Beziers Beziers