Nancy (tysk dialekt Nanzig; luxembourgsk Nanzeg) er ein by nordaust i Frankrike og prefecture (hovudstad) i departementet Meurthe-et-Moselle i regionen Grand Est.

Byen har i overkant av 100 000 innbyggjarar, men i 1999 hadde storbyområdet etter ei folketeljing 410 509 innbyggjarar.

Historie Dei tidlegaste spora etter busetnadar i området går tilbake til 800 fvt. Her var lett tilgang til jernmalm og ein vadestad i elva Meurthe, noko som sannsynlegvis var årsaka til at folk busette seg her. Ein liten festningsby kalla Nanciacum (Nancy) vart bygd av hertug Gérard rundt 1050. mini|venstre|Place Stanislas i Nancy Nancy vart plyndra av keisar Frederik II av Det tysk-romerske riket på 1200-talet, og vart så bygd opp att i stein dei neste hundreåra då han vart ein viktigare by som hovudstad i Hertugdøme Lorraine. Karl den modige leid nederlag og var drepen i Slaget ved Nancy i 1477.

Då hertug Stanislas døydde i 1766, vart hertugdømet ein fransk provins og Nancy haldt fram med å vere hovudstaden. Då regionen Lorraine vart oppretta på midten av 1900-talet vart Metz vald som hovudstad i staden for Nancy.

Attraksjonar Place Stanislas, Place de la Carrière og Place d'Alliance vart lagt til UNESCO si verdsarvliste i 1983.

Bakgrunnsstoff

Offisiell turistside Bilete av Nancy Place Stanislas Nancy Place Stanislas - webkamera

Kategori:Byar i Frankrike Kategori:Byar i Grand Est Kategori:Meurthe-et-Moselle