Arc er ei 85 km lang elv sør i Frankrike. Ho har sitt utspring i ei høgd på 470 meter, nær landsbyen Pourcieux. Ho renn så gjennom Aix-en-Provence før ho munnar ut i Étang de Berre, ein innsjø vest for Marseille.
Nedslagsfeltet til elva er 727 km², og er delt mellom departementa Var og Bouches-du-Rhône. Faren for flaum, som alltid er til stades i nedslagseeltet, har vorte større på grunn av urban utvikling, som stundom er gjort utan tanke på dette. Særleg Aix-en-Provence er utsett.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Arc (fleuve)» frå , den 1. mai 2007.
Kategori:Elvar i Frankrike Kategori:Bouches-du-Rhône Kategori:Var