Urnes stavkyrkje er ei stavkyrkje på Ornes i Luster kommune i Vestland.
Historie Kyrkja vart bygd kring 1100–1150 og er rekna for å vera den eldste stavkyrkja i Noreg som er teke vare på. Dateringa, basert på stilelement, peikar mot åra 1130-1160, og då Urnes stavkyrkje har ein enklare konstruksjon enn Høre stavkyrkje og Stedje stavkyrkje, kan dette tyde på at Urnes er eldre enn dei.Anker, Peter (1997): Stavkirkene: deres egenart og historie. Cappelens kunstfaglige bibliotek. Oslo: Cappelen. Kyrkja er ein lekk mellom den førkristne kunsten i vikingtida, med den typiske dyreornamentikken i såkalla urnesstil (namngjeve etter noko av dekoren på Urnes stavkyrkje), og den kristne stavkyrkjearkitekturen. På grunnlag av dei spora og leivningane som er funne i jorda under den noverande kyrkja under arkeologiske granskingar, meiner mange forskarar at det på same staden har vore to eller tre kyrkjer tidlegare, det vil seie på 1000-talet. Portalen i urnesstil på nordveggen i den noverande kyrkja kan vera frå ein slik tidlegare kyrkjebygning, for han har tidlegare stått i ein annan bygning. Det syner seg av at portalvangane er tilpassa veggen ved å ha vorte skorne av i toppen utan omsyn til treskurden på dei. Den eldste kyrkja på staden har truleg hatt nedgravne hjørnestolpar, veggstolpar og fire innvendige stolpar.Om tidlegare kyrkjer på staden, sjå: Krogh, Knud J. (2011): Urnesstilens kirke : forgængeren for den nuværende kirke på Urnes og Anker, Peter (1997): Stavkirkene: deres egenart og historie. Cappelens kunstfaglige bibliotek. Oslo: Cappelen.
Ei kyrkje på Ornes er første gong nemnt i 1323, då presten «sira Erlender a Ornesi» er nemnt i eit brev.Primærkjelde i Diplomatarium Norvegicum VII, 98
Etter reformasjonen på 1500-talet blei korveggen mellom koret og skipet fjerna, og det vart opna lysgluggar. I 1607 vart veggene i koret måla. Ifølgje ein rapport frå 1665 var det då nyleg sett inn ein kvelv over alteret, men det draup likevel ned i koret og på preikestolen. I 1722 blei kyrkja skildra som «en gammel Stavekirke med Svale rundenom og et Taarn ovenpaa». Kyrkja hadde då altså framleis ein svalgang, som no er borte, unnateke på vestsida. Rundt 1850 vart kyrkja selt for 20 spesidalar. Fortidsminneforeningen kjøpte kyrkja i 1881. Dei fjerna det innlagde loftet, som ikkje var originalt, og lysgluggane frå etter reformasjonen.
Urnes stavkyrkje vart i 1979 teke med på UNESCO si verdsarvsliste.
Stavkyrkja er eigd av Fortidsminneforeningen. Ho vert nytta til kyrkjelege handlingar berre av og til.
Galleri
Kjelder Fotnotar
Litteratur Christie, Håkon. 2009. Urnes stavkirke : den nåværende kirken på Urnes. Oslo: Pax Forlag/Riksantikvaren. ISBN 978-82-530-3245-0 Krogh, Knud J., Urnesstilens kirke : forgængeren for den nuværende kirke på Urnes, i serien [Kirkene på Urnes] 2, Oslo 2011: Pax Forlag ISBN 978-82-530-3400-3 Frøysaker, Tine, Den bemalte og forgylte kalvariegruppen fra 1100-tallet i Urnes stavkirke : konservering 2001-2003, i serien NIKU rapport – (hefte nr. 3) ISBN 82-8101-012-6
Bakgrunnsstoff Riksantikvaren - Urnes stavkirke Fortidsminneforeningen: Urnes stavkirke Undervisning NRK stavechurch.com Urnes stavkyrkje
Kategori:Kyrkjer i Luster Kategori:Freda bygg i Vestland Kategori:Kyrkjer i Sogn prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Norske stavkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Verdsarv i Noreg Kategori:Fortidsminneforeningens eigedommar Kategori:Kulturminne i Luster Kategori:Rosemåla kyrkjer