Marne er ei elv aust og søraust for Paris i Frankrike, og ei av sideelvane til Seinen frå høgre. Ho er om lag 525 km lang, og har gjeve namn til dei franske departementa Haute-Marne, Marne, Seine-et-Marne og Val-de-Marne.

Marne har sitt utspring på Langres-platået, og renn hovudsakleg nordover, før ho snur vestover mellom Saint-Dizier og Châlons-en-Champagne. Ho munnar ut i Seinen ved Charenton-le-Pont like oppfor Paris.

Champagne-regionen renn elva gjennom den kunstige innsjøen Lac du Der-Chantecoq, for å regulere vassføringa i elva. Dette gjer at ein hindrar store svingingar i vassnivået i elva.

Marne var åstad for Slaget ved Marne to slag under den første verdskrigen. Det første slaget i 1914 var vendepunktet i første verdskrig. Det andre slaget vart utkjempa fire år seinare, i 1918.

På 1800- og 1900-talet inspirerte Marne mange målarar, som: Camille Corot Paul Cézanne Camille Pissarro Henri Rousseau Albert Marquet Raoul Dufy André Dunoyer de Ségonzac Louis Vuillermoz Maurice Boitel Daniel du Janerand

Departement og byar Haute-Marne (52): Chaumont, Saint-Dizier Marne (51): Châlons-en-Champagne, Épernay Aisne (02): Château-Thierry Seine-et-Marne (77): Meaux Seine-Saint-Denis (93): Neuilly-sur-Marne, Noisy-le-Grand Val-de-Marne (94): Nogent-sur-Marne, Créteil, Charenton-le-Pont, Champigny-sur-Marne, Saint-Maur-des-Fossés, Joinville-le-Pont, Saint-Maurice

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Marne Marne Marne Marne Marne Marne Marne Marne