Mont Ventoux er eit fjell i Provence sør i Frankrike, om lag 20 km nordaust for Carpentras i Vaucluse. Fjellet har ei høgd på 1 909 meter over havet, og er det klart største fjellet i området, og har vorte kalla «Giganten i Provence». Fjellet ligg på grensa til departementet Drôme.

«Venteux» tyder «vindfull» på fransk, og det kan verte svært vindfullt på toppen, særleg i episodar med mistralvind då ein har registrert vind opp mot 320 km/t (89 m/s). Vegen over fjellet vert ofte stengd på grunn av kraftig vind. På 900-talet kunne ein omtala fjellet som Mons Ventosus og Mons Ventorius.

mini|venstre|Utsyn frå toppen av Mont Ventoux i morgongryet.

Mont Ventoux er geologisk ein del av Alpane, men vert ofte ikkje rekna som ein del av fjellkjeda, sidan det ikkje er andre høge fjell i område rundt. Det står aleine vest for Luberonkjeda, og like aust for Dentelles de Montmirail. Toppen av fjellet er berr kalkstein utan vegetasjon. Den kvite kalkesteinen gjer at fjellet ser snøkledd ut året rundt (men snødekket varer vanlegvis berre frå desember til april). På ein klår dag kan ein sjå fjellet frå lang avstand, og frå toppen har ein eit glimrande utsyn over omgivnadane og Rhônedalen.

Historie Den første ein kjenner til som klatra til toppen av fjellet var Jean Buridan, som steig opp under ei reise til paven i Avignon før 1334 for å utføra meteorologiske observasjonar.Ernest A. Moody Jean Buridan i Dictionary of Scientific BiographyMichael Kimmelman, "NOT Because it's There", New York Times, 6. juni 1999. Ei betre kjend klatring var den til Francesco Petrarca 26. april 1336, saman med bror sin og to tenarar, som han skreiv om i eit brev til skriftefar sin. Dette brevet vert sett på som eit av dei tidlegaste produkta frå renessansen og humanismen, sidan fjellturen var inspirert av eit ordskifte i Livius sin Historia til Roma. Petrarca vert rekna som grunnleggaren av alpinisme, sidan han uttrykte eit ynske om å klatre til toppen av Mont Ventoux berre for å nyte utsikta. Han kjende området godt sidan han budde i Avignon frå 1333 til 1349.

På 1400-talet vart det bygd eit kapell på toppen, tileigna Krossen. I 1882 vart det bygd ein vêrstasjon på toppen, men denne er ikkje lenger i bruk, og i 1960-åra vart det reist eit 50 meter høgd radiotårn her.

Plante- og dyreliv mini|Mont Ventoux sett frå Mirabel-aux-Baronnies Fjellet var opphavleg skogkledd, men vart systematisk avskoga frå 1100-talet av fordi skipsverfta i hamnebyen Toulon kravde tømmer. Enkelte område har vorte gjenplanta etter 1860 med forskjellige lauvtre (som steineik og bøk) i tillegg til forskjellige bartre, som seder og lerketre. Litt høgare er einer vanleg.

Fjellet er ein del av artsgrensa eller økotonen for dyre- og plantelivet i nordlege og sørlege delar av Frankrike. Enkelte artar, inkludert nokre artar av edderkopp og sommarfugl, er unike for Mont Ventoux. Det er òg ein stad der ein kan sjå slangeørn.

Det biologiske særpreget vart erkjend av UNESCO i 1990 då «Réserve de Biosphère du Mont Ventoux» vart grunnlagt, eit verna område på 810 km² på og rundt fjellet.

Sykling mini|Chris Froome og Nairo Quintana syklar opp Mont Ventoux under Tour de France 2013.

Innan sykkelsport finst det tre moglege ruter opp fjellet.

Frå sør: Klatringa startar i Bédoin: 1 617 meter over 21,8 kilometer. Dette er rekna som den vanskelegaste klatringa, og er rekna av PJAMM Cycling som den tredje vanskelegaste klatringa i Frankrike. Vegen til toppen har ei gjennomsnittleg helling på 7,43 %. Fram til Saint-Estève er hellinga 3,9 % over 5,8 kilometer, men dei attverande 16 km har ei gjennomsnittleg helling på 8,9 %. Til samanlikning går klatringa opp Alpe d'Huez over rundt 13,8 km ei gjennomsnittleg helling på 7,9 %. Dei siste kilometrane kan ha sterk, valdsam vind. Rittet tar til timar for trente amatørsyklistar. Profesjonelle syklistar kan brua 60 til 75 minutt. Den raskaste klatringa ein har målt så lang varden til Tadej Pogačar i etappe 16 av Tour de France 2025, 53 minutt og 47 sekund. Tida blei målt frå Bédoin for fyrste gong i Tour de France 1958, då Charly Gaul var den raskaste på 62 min 9 s. Frå nordvest: Klatringa startar i Malaucène: 1 570 meter over 21,5 kilometer. Vanskegraden er omlag den same som ruta frå Bédoin, men denne er betre verna mot vinden. Frå aust: Klatringa startar i Sault: 1 210 meter over 26 kilometer. Dette er den lettaste ruta. Etter Chalet Reynard (der «månelandskapet» til toppen byrjar) er klatringa den same som ruta frå Bédoin. Gjennomsnittshellinga er 4,4 %.

Kvart år blir det halde amatørtevlingar om å sykla opp fjellet både så raskt som mogleg, og så ofte som mogleg på 24 timar, i Ventoux Masterseries og Les Cinglés du Mont Ventoux.Club des Cinglés du Mont-Ventoux 16. mai 2006 slo Jean-Pascal Roux frå Bédoin rekorden på talet klatringar med elleve klatringar, alle frå Bédoin.

Tour de France

Vegen opp Mont Ventoux er ein av dei mest krevjande klatringane i sykkelrittet Tour de France. Han har vorte nytta atten gonger sidan 1951, See also Julian Barnes's "Tour de France 2000", (pages 71-89), in his book of essays, Something to Declare (2002). og på ti av dei har etappen blitt avslutta på toppen av Mont Ventoux. Mållinja er i ei høgd på 1 910 meter, men i 1965, 1967, 1972 og 1974 var ho lågare, ved 1 895 meter. Ved tevlinga i 2016 blei Mont Ventoux-etappen korta ned 6 km dagen før grunna ei vêrmelding om sterk vind på toppen. Etappen blei avslutta ved Chalet Reynard i ei høgd på 1 435 meter, kring 10 km inn i klatringa.

Fjellet vart verdskjent då den engelske syklisten Tom Simpson mista livet her 13. juli 1967 i ein kombinasjon av amfetamin, alkohol og heiteslag. Han byrja å vingle på vegen før han ramla. Han var ørsken og fekk hjelp av publikum til å kome seg på sykkelen igjen, og han sykla til han var om lag ein halv kilometer frå toppen, der han kollapsa og fall død om, med føtene framleis festa til pedalane. Det vart funne amfetamin i sykkeltrøya og i blodet hans. I 1970 kollapsa nesten Eddy Merckx her då han vann etappen. Han fekk tilført oksygen etter målgang, vart betre, og vann til slutt heile rittet.

Ski Det finst to små skistasjonar på fjellet, Mont Serein på nordsida og Chalet Reynard på sørsida. Sterk vind og den avgrensa høgda gjer skisesongen nokså avgrensa. Vêrforholda gjer også at løypene på nordsida ofte har mykje is, noko som har leia til det lokale ordtaket «» (Kan du gå på ski på Ventoux, kan du gå på ski overalt).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mont Ventoux» frå , den 19. april 2007.

Bakgrunnsstoff

Map, profiles, info for cycling all three sides of Ventoux Cycling up to Mont Ventoux: data, profile, map, photos and description Climbing Mont Ventoux by bike: information for cyclists, itineraries, pictures and profiles Vinterbilete

Kategori:Fjell i Frankrike Kategori:Vaucluse Kategori:Tour de France Kategori:Utvalde artiklar 2025