Drammens Tidende, som tidlegare hadde namnet Drammens Tidende og Buskeruds Blad, er ei avis som kjem ut i Drammen og dekkjer tidlegare Buskerud fylke, med hovudvekt på Drammen. Avisa er eigd av Orkla Media, som no heiter Edda Media.
Drammens Tidende vart skipa i 1832 under namnet Tiden, og er den nest eldste avisa som framleis kjem ut i Noreg. I 1883 vart Buskeruds Blad skipa i Drammen, og dei to avisene vart slegne saman til ei avis i 1961, Drammens Tidende og Buskeruds Blad. Dei hadde hatt same eigar sidan 1897, og sams redaktør sidan 1901. Frå 2000 fekk avisa det noverande namnet Drammens Tidende.
I 1998 blei nettavisa dt.no etablert, og 2. januar 2004 gjekk Drammens Tidende over til tabloidformat. Drammens Tidende åtte òg lokal-TV-stasjonen TV Drammen.
Opplagstal Stadfesta netto opplagstal frå Mediebedriftenes Landsforening:Aviskatalogen, tall fra nettsidene til Mediebedriftenes Landsforening
2000: 46 709 2001: 49 174 2002: 47 090 2003: 45 271 2004: 44 426 2005: 43 244 2006: 42 322 2007: 40 954 2008: 39 121 2009: 37 678 2010: 36 109 2011: 33 352 2012: 31 213 2013: 29 124 2014: 26 990 2015: 24 867 2016: 25 865 2017: 26 576 2018: 27 553 2019. 27 607 2020: 28 969 Utviklingen i nettoopplag fra år 2000.Papirandel i mørk, digital andel i lysere tone
Kjelder
Medihuset Drammens tidende: Soga til avisa
Bakgrunnsstoff
Kategori:Aviser i Buskerud Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Edda Media Kategori:Kultur i Drammen Kategori:Næringsliv i Drammen Kategori:Aviser skipa i 1832 Kategori:1832 i Noreg