Snåsa (sørsamisk: Snåase) er ein kommune i Trøndelag fylke som grensar til Steikjer, Verdal, Lierne, Grong og Overhalla. Han ligg nær det geografiske midtpunktet i Noreg.
Han er eit kjerneområde for sørsamisk, og 3-4 % av innbyggjarane står i Samemanntalet. Snåsa vedtok i september 2004 å ha både norsk og sørsamisk som administrasjonsspråk, og 1. januar 2008 vart kommunen, som den første i sørsamisk område, innlemma i Samisk språkforvaltingsområde, og dermed offisielt tospråkleg.St.meld. nr. 28/2007-08, kap. 3.3.
Natur Sentrum ligg ved den nordaustre enden av Snåsavatnet, som er den sjette største innsjøen i Noreg. Det er eit av over 2 500 fiskevatn som finst i kommunen. Nesten halvparten av kommunen er lagt ut som nasjonalpark. Snåsa er den nordlegaste staden i Noreg for fleire planteartar, som svart-or, fruesko og myrkongle.
Orkideen marisko er avbilda i kommunevåpenet.
Næring Næringslivet i Snåsa er i stor grad landbruk, med industri utvikla med utgangspunkt i naturprodukt i kommunen, som tømmer og stein.
Kommunen er eit trafikknutepunkt som både Europaveg 6 og Nordlandsbanen går gjennom.
Verd å vitja Bergsåsen naturreservat på ein kalkrygg sentralt i Snåsa Blåfjella-Skjækerfjella Nasjonalpark Gaundalen og Gjefsjø, to av tre norske fjellgardar som framleis er i drift Finsås, skogmuseum Megard kyrkestad, som har ei kjelde som skal vera signa av Heilag-Olav Saemien Sijte, kultursenter for den sørsamiske kulturen Snåsa Bygdemuseum i Viosen Snåsa kyrkje, ei steinkyrkje der dei eldste delane er frå det 13. hundreåret
Referansar
Bakgrunnsstoff Snåsa kommune sine heimesider
Kategori:Kommunar i Trøndelag Kategori:Samiske kommunar