mini|Aleksander den store spreidde namnet sitt til store delar av verda. Her er namnet skrive fonetisk i egyptiske hieroglyfar, A-l-ka(k)-s-i(a)-n-d(t)-r-s. Aleksander eller Alexander er eit mannsnamn som stammar frå gresk aleksandros (Αλέξανδρος) av aleksis (αλέξις), 'verje, hjelpe' og andros (ανδρος) 'mann, menneske'.

Namnet er bruka over heile den vestlege verda i variantar som Alessandro på italiensk, Alejandro på spansk, Alexandre på fransk og Александр på russisk. I den muslimske verda er namnet blitt til Iskander. Kortformer av namnet er Alek, Alex og Sander.

I Noreg var det ved folketeljinga i 1801 vel 120 som vart innskrivne som Aleksander i ei eller anna staveform. I 1900 var det vel 700. I dag er det om lag 13800 som heiter Aleksander eller Alexander - eit lite fleirtal av dei skriv namnet sitt med X.

I Noreg har Aleksander namnedag 18. mars.

Kjende namneberarar Pavar mini|Pave Aleksander IV. Pave Aleksander I (105–115) Pave Aleksander II (1061–1072) Pave Aleksander III (1159–1181) Pave Alexander IV (1254–1261) Motpave Aleksander V (1409–1410) Pave Aleksander VI (1492–1503) Pave Alekander VII (1655–1667) Pave Aleksander VIII (1689–1691)

Andre patriarkar Aleksander av Konstantinopel (314–337) Aleksander I av Alexandria (313–328) Aleksander II av Alexandria (702–729)

Keisarar Aleksander Severus, romersk keisar (208–235) Aleksander III, austromersk keisar (870–913) Russland Aleksander I av Russland (1801–1825) Aleksander II av Russland (1855–1881) Aleksander III av Russland (1881–1894)

Kongar

Epirus Aleksander I av Epirus (ca. 342 f.Kr.) Aleksander II av Epirus (ca. 272 f.Kr.) Makedonia Aleksander I av Makedonia (498–454 f.Kr.) Aleksander II av Makedonia (370–368 f.Kr.) Aleksander III av Makedonia (Aleksander den store) (336–323 f.Kr.) Aleksander IV av Makedonia (323–310 f.Kr.) Aleksander Balas, konge over Selevkidene i Syria (150–146 f.Kr.) Skottland Aleksander I av Skottland (1078–1124) Aleksander II av Skottland (1198–1249) Aleksander III av Skottland (1241–1286) Aleksander av Serbia (1889–1903) Aleksander I av Jugoslavia (1921–1934) Aleksander av Hellas (1917–1920)

mini|Oppfinnaren Alexander Graham Bell (1847–1922) Andre kjende personar med namnet Alexander Pope (1688–1744), engelsk diktar Aleksandr Pusjkin (1799–1837), russisk forfattar Alexandre Dumas (1802–1870), fransk forfattar Alexander Graham Bell (1847–1922), amerikanar som oppfann telefonen Alexander Kielland (1849–1906), norsk forfattar Alexandre Alekhine (1892–1946) russisk-fransk verdsmeister i sjakk Aleksandr Solzjenitsyn (1918–2008)), russisk forfattar, historikar og nobelprisvinnar Aleksandr Litvinenko (1962–2006), russisk spion Alexandr Hleb (f. 1981), kviterussisk fotballspelar Alexander Rybak (f. 1986), norsk songar og Eurovision-vinnar Aleksander Denstad With (f. 1987), norsk songar og Idol-vinnar Alejandro Fuentes (f. 1987), chilensk-norsk songar

Oppdikta personar Ole Aleksander i bokserien av same namn av Anne-Cath Vestly

Kjelder

Olav Veka 1991: Namneboka (Det Norske Samlaget) Folketeljingar på Digitalarkivet

Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av gresk opphav Kategori:Namn knytte til vern