MS «Bourbon Dolphin» var eit ankerhandteringsskip eigd av reiarlaget Bourbon Offshore Norway i Fosnavåg. Skipet var bygd ved Ulstein Verft i 2006 og var av typen «Ulstein A102.». Skipet kantra under ankring av flyteriggen Transocean Rather om lag 75 nautiske mil nordvest for Shetland, klokka 18.20 den 12. april 2007. Sju av mannskapet på 15 blei redda i live, tre blei funne omkomne og fem rekna som sakna.Aftenposten: Tre nordmenn er funnet omkommet Dei overlevande blei transportert til Lerwick på Shetland. Augevitne fortalde at ankerkjettingen kom over på babord side og drog båten rundt.NRK Møre og Romsdal: Ankerkjetting trakk båten ned
Søndag 15. april kl. 22.16 sokk «Bourbon Dolphin» på 1100 meters djupne.Dagbladet:Bourbon Dolphin har sunket
Kjelder
Bakgrunnsstoff Bilete av MS «Bourbon Dolphin» hos Bergenships.com
Kategori:Norske taubåtar Kategori:Skip frå 2006 Kategori:Forlis i 2007 Kategori:Forlis i Atlanterhavet