Helgelendingen – fram til 2014 Helgeland Arbeiderblad – er ei avis i A-pressekonsernet. Avisa vert utgjeven i Mosjøen i Nordland.

Dekningsområdet til avisa er Midt- og Sør-Helgeland, med Mosjøen, Sandnessjøen og Brønnøysund som dei største stadene.

Amedia eig avisa. Redaktør er Jonas Brække.

Opplagstal

Stadfesta netto opplagstal frå Mediebedriftenes Landsforening: 2006: 9 402 2007: 9 225 2008: 8 939 2009: 8 743 2010: 8 573 2011: 8 461 2012: 8 352 2013: 8 096

Historie Avisa kom ut første gong 31. oktober 1929 under namnet Vefsna Arbeiderblad som organ for Det norske arbeiderparti. Frå august 1930 kom Helgeland Arbeiderblad ut i Sandnessjøen. Desse to avisene vart snart slegne saman, og frå 10. april 1931 kom ho ut under namnet Helgeland Arbeiderblad, hvori opptatt Vefsna Arbeiderblad - med redaktøren frå Vefsna Arbeiderblad, men med Sandnessjøen som utgjevarstad. Allereie i november 1931 vart redaksjonen flytta til Mosjøen.

Den første tida, frå 1929 til 1934 var formannen i Mosjøen arbeiderparti, Halfdan Moe Jacobsen, redaktør for avisa. Under andre verdskrigen vart redaktør Skogsaas arrestert, og tyskarane kverrsette produksjonsutstyret for å gje ut naziavisa Helgeland Folkeblad. Den første tida etter frigjeringa kom avisa saman med andre Mosjøaviser ut under namnet Mosjø- pressen.

I oktober 2014 skifta avisa namn til Helgelendingen.

Helgelendingen Namnet Helgelendingen er også brukt om medlemsbladet til Helgeland Historielag, utgitt sidan 1982.

Kjelder

Kjell Jacobsen (1977): «Fra århundreskiftet til frigjøringsvåren», i Vefsn bygdebok b. III

Bakgrunnsstoff Helgelendingen

Kategori:Aviser i Nordland Kategori:Kultur i Vefsn Kategori:Næringsliv i Vefsn Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Skipingar i 1929