Desideria () var dronning av Sverige og Noreg frå 1818 til 1844. Ho var døypt Bernhardine Eugenie Désirée Clary. Ho er stammor til Huset Bernadotte, som framleis sit på den svenske trona.
Bakgrunn Désirée Clary var dotter av ein rik kjøpmann og silkefabrikant frå Marseille. Familien hadde nære band med Bonaparte-familien. Søstera hennar, Julie Clary, gifta seg med Joseph Bonaparte, og blei dronning av Napoli og Spania. Désirée sjølv var forlova med Napoleon Bonaparte, men det vart aldri til noko giftarmål. I staden gifta ho seg den 17. august 1798 med Jean Baptiste Bernadotte, som seinare vart Kong Karl Johan av Sverige og Noreg. Dei to fekk sonen Oscar, som seinare vart kong Oscar I.
Kongeleg liv Den nye kronprinsfamilien kom til Stockholm den 6. januar 1811. Det var 26 kuldegrader den dagen, og dronninga skal visstnok ha grete då ho kom til byen. Dronning Desideria vart aldri heilt fortruleg med svensk kultur eller klima, og lærte seg heller ikkje språket. Ho heldt til i Paris i tolv år, men kom tilbake til Stockholm i 1823 og budde der resten av livet sitt. Ettersom ho ikkje hadde vore til stades då Karl Johan vart krona, skjedde kroninga hennar i 1829. Ho vart enkje i 1844.
Desideria døydde i 1860, året etter at Oscar døydde. Ho vart 83 år gamal.
Anna
Desideria vitja Noreg første gongen i 1825. Dronningberget på Bygdøy har namn etter henne. Eitt av dei eldste svenske fotografia er av henne. Dronninga er kjent for å ha teke tidspunkt og avtalar med ro, og kom «alltid» for seint til teateret. Ho og mannen er òg kjende for å ha gjort natt til dag. Desideria stod etter kvart opp ved firetida om ettermiddagen.
Bakgrunnsstoff
Bilete av sarkofagen til Desideria i Riddarholmskyrkan i Stockholm Biografi på Prosjekt Runeberg Artikkel hos SNL SNL-artikkel ved WebCitation
Biografiar Désirée (1968) av Annemarie Selinko Drottningar och andra kvinnor av Anna-Stina Ulfström
Annan litteratur
Kategori:Norske dronningar Kategori:Svenske dronningar Kategori:Folk frå napoleonstida Kategori:Fyrstehuset Bernadotte