Scary Monsters (and Super Creeps), eller berre Scary Monsters, er det 14. studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie, utgjeve 12. september 1980 på RCA Records. I løpet av dei førre tre åra hadde Bowie oppnådd massiv kunstnarisk suksess med «Berlintrilogien», som bestod av Low, “Heroes” og Lodger (1977–1979). Trilogien hadde derimot ikkje seld så godt. I 1980 var det mange artistar som var inspirerte av Bowie som no selde betre enn han, noko som gjorde at han ønskte å gå for ein meir kommersiell stil på den neste plata hans.

Albumet vart produsert i lag med Tony Visconti og vart spelt inn mellom februar og april 1980, hovudsakleg i Power Station i New York City, med ekstra lydspor i Good Earth Studios i London. Fleire av musikarane som hadde spelt på føregåande albuma hans var med på innspelingane, i tillegg til gitaristen Robert Fripp frå King Crimson, som tidlegare hadde spelt på “Heroes”, og gjesteartisten Pete Townshend frå The Who på gitar. Musikken består dels av kunstrock, new wave og post-punk. I motsetnad til det improvisasjonsbaserte preget på dei føregåande platene, brukte Bowie tid på å skrive musikk og tekst til songane, og fleire vart spelte inn under arbeidstitlar, medan somme songar inneheldt element frå tidlegare songar Bowie ikkje hadde gjeve ut før. Plateomslaget er ein stor collage med Bowie i eit Pierrot-kostyme, i lag med referansar til tidlegare utgjevingar på baksida.

Den første singelen frå albumet, «Ashes to Ashes», fortsette soga om karakteren Major Tom frå «Space Oddity» og vart marknadsført med ein påkosta musikkvideo. Då det kom ut fekk Scary Monsters god kritikk og selde godt. Det gjekk til topps på albumlista i Storbritannia, medan det vart eit comeback for Bowie i USA med ein 12. plass på Billboard-lista. Scary Monsters vart sidan ofte omtalt av skribentar som «det siste store albumet» til Bowie, og albumet som seinare utgjevingar vart samanlikna med. Det var det siste albumet Bowie gav ut på RCA og markerte det siste samarbeidet mellom Bowie og Visconti på over 20 år. Fleire publikasjonar reknar det som eit av dei beste albuma gjennom tidene. Albumet har kome ut att på ny fleire gonger og vart ommastra i 2017 i høve plateboksen A New Career in a New Town (1977–1982).

Bakgrunn Frå 1976 til 1979 spelte Bowie inn det som vart kjend som «Berlintrilogien», som bestod av Low, “Heroes” (begge 1977) og Lodger (1979). Desse vart laga i samarbeid med musikaren Brian Eno og produsenten Tony Visconti, og trilogien vart særs inspirasjonsrik. Low vart rekna som ein forløpar til post-rock og post-punk, og inspirerte artistar som Joy Division og The Human League, medan bruken av verdsmusikk på Lodger skal ha inspirert artistar som Talking Heads og Paul Simon.

Sjølv om albuma ofte fekk særs god kritikk, selde trilogien mindre bra. Salstala til Lodger vart dels hindra av artistar som var inspirerte av dei tidlegare Berlin-platene, som Gary Numan. Numan, som var ein stor fan av Bowie, irriterte på seg fansen til Bowie, som berre såg på han som ein billig kopi. Bowie sjølv kritiserte Numan, som førte til ein mangeårig feide mellom dei to artistane. I følgje biografen David Buckley, førte heidringa til Numan indirekte til at Bowie tok ein meir kommersiell retning for den neste plata si.

Innspeling og produksjon

I februar 1980 drog Bowie til Power Station i New York City for å byrje innspelinga av det neste albumet sitt. Med seg frå «Berlintrilogien» hadde han Visconti, som raskt fekk vite av Bowie at dette kom til å bli eit meir kommersielt album enn dei føregåande albuma hans. Brian Eno vart ikkje med på dette albumet, og enda samarbeidet med Bowie etter Lodger, då han meinte at «Berlintrilogien» vart «vatna ut» av den plata. Kjernen av musikarar bestod av Dennis Davis, Carlos Alomar og George Murray. Dette var femte og siste Bowie-albumet med denne besetninga, som hadde vore saman sidan Station to Station (1976). Berre Alomar fortsette å arbeide med Bowie etter dette. Gitaristen Adrian Belew, som spelte på Lodger, fortalte Buckley at han vart førehandsbetalt for å spele på innspelinga og vart overraska då han fann ut at innspelinga skjedde utan han. I staden for Belew vart King Crimson-gitaristen Robert Fripp, som spelte på “Heroes”, henta attende, i lag med nykomarane Chuck Hammer, som Bowie henta inn etter å ha høyrd han spele med Lou Reed året før. I følgje NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray, la Hammer til fleire teksturlag ved hjelp av gitarsynth og Fripp tok med seg den same særeigen stilen han hadde brukt på “Heroes”. Frå Station to Station-innspelingane kom pianisten Roy Bittan attende, som spelte med Bruce Springsteen på The River (1980) samstundes i same studioet. Visconti hugsa ein augneblink i pauserommet til studioet, der Davis snudde seg mot Springsteen og spurte «Kva band spelar du i?».

mini|upright=0.9|King Crimson-gitaristen Robert Fripp kom attende til innspelinga (avbilda 2007), etter tidlegare å ha spelt på “Heroes”. Dei første innspelingane i Power Station tok to og ei halv veke, i tillegg til ei ekstra veke for ekstra lydspor. På denne tida vart berre «It's No Game (No. 2)» laga heilt ferdig. Dei andre songane var berre instrumentalar. Under innspelinga føreslo Alomar at dei skulle spele inn ein coverversjon av Tom Verlaine sin «Kingdom Come». Bowie meinte songen var den klårt beste på det første soloalbumet til Verlaine og sa «Han passar rett og slett inn i desse spreidde greiene». Bowie spurte Verlaine om å spele sologitar på songen. Verlaine takka ja til tilbodet, men då han var i studioet prøvde han ut ei rekkje gitarforsterkarar for å prøve og få «den rette lyden» medan Bowie og Visconti let han vere aleine. Visconti sa «Eg trur ikkje med brukte ein einaste note av spelinga hans, om han i det heile tatt vart spelt inn.» I staden enda Fripp opp med å spele sologitar. Ein instrumental kalla «Crystal Japan» vart spelt inn under innspelinga. Denne var opphavleg tenkt å vere avslutningssporet på albumet, men vart droppa til fordel for ein reprise av «It's No Game». Han vart i staden gjeven ut på singel i Japan, og vart først vist i ein japansk fjernsynsreklame for shōchū-drykken Crystal Jun Rock i 1980.

I staden for å improvisere tekst og musikk slik Bowie hadde gjort på tidlegare plater, sa Bowie til Visconti at han ønskte å bruke tid på å komponere og utvikle tekstar og melodiar. Visconti sa «I staden for å skrive ferdige melodiar og tekstar der og då, ønskte David å ta ein lang pause for å tenkje ut alt saman, så me møttest to månader seinare i London.» Buckley skreiv at Bowie presenterte for Visconti «nokre av dei mest nyskapande melodiane i karrieren hans.» I følgje biografen Nicholas Pegg vart noko av den handskrivne teksten utstilt i 2013 på David Bowie Is-utstillinga. Mange av songane hadde tidleg i prosessen arbeidstitlar. På ein kassett frå mars 1980 i arkivet til Visconti hadde somme spora namn som «People Are Turning to Gold» (seinare «Ashes to Ashes»), «It Happens Everyday» (seinare «Teenage Wildlife») og «Jamaica» (seinare «Fashion» seint i albumprosessen). På dette stadiet var i tillegg «Up the Hill Backwards» kjend som «Cameras in Brooklyn» og «Scream Like a Baby» som «I Am a Laser», opphavleg skriven i 1973 og spelt inn av The Astronettes (som bestod av Bowie-samarbeidspartnarane Ava Cherry og Geoff MacCormack) i Olympic Studios same året. Pegg skreiv at det var eit spor kalla «Is There Life After Marriage?» som vart spelt inn og ikkje fullført under innspelinga. Ein instrumental coverversjon av «I Feel Free» av Cream vart òg spelt inn og heller ikkje fullført, men vart henta attande i 1993 for Black Tie White Noise. I følgje Pegg var teksten på tittelsporet skriven som eit svar på reklamekampanjen til Kellogg's Corn flakes, som selde produktet med leiketøya «Scary Monsters and Super Heroes».

Innspelinga fortsette i april 1980 i Good Earth Studios i London, som var studioet til Visconti på den tida. Her vart all vokal spelt inn, inkludert den japanske snakkinga til skodespelarinna Michi Hirota på «It's No Game (No. 1)». Ekstra lydspor vart lagt til av Fripp og klaverspelaren Andy Clark, i lag med gjestemusikaren Pete Townshend frå The Who på gitar på «Because You're Young». Townshend, som sleit med fleire personlege problem på den tida, kom til studioet i dårleg humør. Då han spurte dei kva dei ønskte, sa Bowie og Visconti «Pete Townshend-akkordar». Bidraga hans vart til slutt plasserte lågt i miksen.

Musikk og tekst

Skribentar har klassifisert Scary Monsters som kunstrock, new wave og post-punk. Stephen Thomas Erlewine i AllMusic rekna Scary Monsters som kulminasjonen av musikken til Bowie i 1970-åra. Han meinte òg at stilen på plata ikkje var «langt unna postpunken tidleg i 1980-åra». Pegg var samd og skildra plata som «den triumferande kulminasjonen av den stålkalde kunstrockfasen til Bowie og ein viktig døropnar inn i tidleg 1980-tals britisk pop.» Consequence of Sound skildra Scary Monsters som «eit toppunkt innan kunstpop som Bowie sine framtidige utgjevingar vert samanlikna med.» Bowie sjølv rekna plata som «sjølve symbolet på new wave-stilen på den tida.» Roy Carr og Charles Shaar Murray skildra stilen på albumet som barskare - og verdssynet hans meir desperat – enn noko han hadde gjeve ut sidan Diamond Dogs (1974). Biografen Christopher Sandford skreiv at tekstmessig stadfestar Scary Monsters tema som Bowie hadde utforska fram til då i karrieren, som galskap, framandgjering og «den forløysande krafta til kjærleiken». I dette tilfellet kunne Bowie bringe lyttaren inn i staden for å «fryse dei ute».

Side ein Albumet opnar med «It's No Game (No. 1)», som har skumle gitarsløyfer og skrikande vokal av Bowie, som O'Leary meiner likna framføringa til John Lennon på Plastic Ono Band (1970). Songen er dels basert på ein eldre melodi kalla «Tired of My Life» og har ein teksten lesen av den japanske skodespelarinna Michi Horita, omsett av Hisahi Miura. Horita leverer teksten i det som av Buckley er skildra som ei «macho, samurai-røyst», noko Bowie insisterte på som ein måte «å bryte ned ein særskild type sexistisk haldning til kvinner». Teksten på «Up the Hill Backwards» omhandlar kampen om å møte ei krise. Bowie feilsiterer Thomas Anthony Harris i sjølvhjelp-boka I'm OK – You're OK frå 1967, som var ein guide om korleis ein kunne berge eit ekteskap. Carr og Murray såg dette som ein referanse til skilsmissa mellom Bowie og Angie Bowie. Musikalsk har han ein uvanleg takt og ein Bo Diddley-inspirert rytme. Tittelsporet er datert attende til ein song frå 1975 kalla «Running Scared», som Bowie opphavleg spelte for venen Iggy Pop. Rytmeseksjonen henta inspirasjon frå Joy Division. Trommespelinga til Davis er blitt samanlikna med Stephen Morris på «She's Lost Control». Musikken er kraftig forvrengd med valdsam gitar av Fripp, hamrande trommer av Davis og den handsama vokalen til Bowie med Cockney-aksent. Teksten følgjer eit klaustrofobisk forhold mellom ei kvinne (datert attende til Berlindagane til Bowie) og ein mann (demonane i Bowie).