Young Americans er det niande studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut 7. mars 1975 på RCA Records. Albumet var ei endring frå glamrock-stilen frå dei førre albuma til Bowie til soul og R&B. Kommentatorar har skildra plata som blue-eyed soul, medan Bowie sjølv kalla stilen på albumet «plastikk-soul». dei første innspelingane fann stad under den første delen av Diamond Dogs-turneen hans i august 1974 i Sigma Sound Studios i Philadelphia med produsenten Tony Visconti og ei rekkje musikarar, som gitaristen Carlos Alomar, som vart ein av dei faste samarbeidspartnarane til Bowie, og den då ukjende songaren Luther Vandross. Etter dei første innspelingane held turneen fram, men setlista og designet på scenen endra seg i takt med dei nyinnspelinge songane. Denne delen av turneen er blitt kalla «Soul-turneen».

Mot slutten av turneen fortsette innspelingane i Record Plant i New York City. Etter at han vart ven med John Lennon, samarbeidde dei to på ei innspeling i januar 1975 i Electric Lady Studios, med Harry Maslin som produsent. I lag med Alomar spelte dei inn ein versjon av Lennon sin Beatles-song «Across the Universe» og «Fame». Innspelinga var første gongen trommeslagaren Dennis Davis spelte på ei Bowie-plate. Gjennom innspelingane vart det spelt inn mange opptak og plata gjekk gjennom mange arbeidstitlar. Plateomslaget syner eit bilete av Bowie teken av Eric Stephen Jacobs.

Då albumet kom ut var det særs populært i USA og nådde topp 10 på Billboard 200, medan singelen «Fame» gjekk til topps på singellista, som var første gongen for Bowie. Albumet fekk derimot blanda kritikk hos kritikarane, noko det har halde fram med i tida etter. Bowie sjølv hadde blanda kjensler for albumet gjennom livet. Likevel reknar Bowie-biografane albumet som eit av dei mest innverknadstunge albuma hans, hovudsakleg fordi han var blant dei første kvite musikarane som spelte hovudsakleg svarte musikkstilar. Albumet har kome ut på ny mange gonger, og vart ommastra i 2016 som ein del av plateboksen Who Can I Be Now? (1974–1976).

Bakgrunn

Det åttande studioalbumet til David Bowie, Diamond Dogs (1974), var det siste albumet hans innan glamrocksjangeren. David Buckley skreiv: «I eit grep som kom til å definere karrieren hans, hoppa Bowie av glamrockskipet akkurat i tide, før det dreiv inn i ein blank parodi av seg sjølv». Trass i at det hovudsakleg er glamrock, inneheld albumet to songar, «Rock 'n' Roll with Me» og «1984», med element av funk og soul, noko Bowie omfamna for fullt på Young Americans. Diamond Dogs var òg ein milepåle i karrieren til Bowie fordi han byrja å samarbeide med Tony Visconti att, som laga strykearrangement og hjelpte til å mikse albumet i sitt eige studio i London. Visconti kom til å vere medprodusent på mange av innspelingane til Bowie resten av tiåret.

I april 1974 møtte Bowie New York-funkgitaristen Carlos Alomar, som vart guide for Bowie inn i svart amerikansk musikk og for dei neste 14 åra fungerte han som bandleiar for Bowie. Før dei møttest var Alomar studiomusikar i Apollo Theater og spelte med artistar som James Brown, Chuck Berry og Wilson Pickett. I følgje Buckley var erstattaren til Alomar Nile Rodgers, den framtidige grunnleggjaren av bandet Chic og seinare samarbeid med Bowie på Let's Dance i 1983. Biografen Nicholas Pegg skreiv at ti år tidlegare var ei av favorittplatene til Bowie Brown sitt Live at the Apollo (1963), så å møte ein musikar som spelte på Apollo var ein draum som vart verkeleg for Bowie. Sjølv om Alomar ikkje hadde høyrt om Bowie då dei møttest, fann dei raskt tonen og skipa eit arbeidsforhold som varte nesten 15 år.

Mot slutten av den første delen av Diamond Dogs-turneen i juli 1974, spelte Bowie fleire konsertar i Tower Theater i Upper Darby i Pennsylvania, der han spelte inn konsertalbumet David Live. På denne tida vitja han Sigma Sound Studios i Philadelphia for å arbeide på innspelingar for den amerikanske musikaren Ava Cherry, som han visstnok hadde eit forhold til på den tida. Sigma var eigd av låtskrivaren/produsent-duoen Kenneth Gamble og Leon Huff, som hadde skipa Philadelphia International Records i lag, der mange kjende, afroamerikanske musikarar held til. Då den første delen av turneen var over, reiste Bowie attende til New York City for å mikse David Live, der han bad om ei liste svarte album som han kunne høyre på for å førebu seg før han drog attende til Sigma Sound.

Innspeling For å akkompagnerte seg ønskte Bowie å hyre MFSB (eit forkorting for «Mother Father Sister Brother»), ei rytmegruppe på over 30 studiomusikarar som heldt til i Sigma Sound. Med unntak av perkusjonisten Larry Washington, var alle medlemmane opptekne, så Bowie resite til New York City att for å finne andre musikarar. Han beheldt pianisten Mike Garson, saksofonisten David Sanborn og perkusjonisten Pablo Rosario frå Diamond Dogs-turneen, medan gitaristen Earl Slick vart erstatta av Alomar. Alomar føreslo at Bowie skulle hente inn den tidlegare trommeslagaren til Sly and the Family Stone, Andy Newmark og bassisten Willie Weeks frå The Isley Brothers for å erstatte høvesvis Tony Newman og Herbie Flowers. Då Bowie fortalte Visconti i London at han hadde fått tak i Weeks, reiste Visconti til New York med ein gong og forklarte: «Eg er bassist sjølv, og Weeks var idolet mitt». Kona til Alomar, Robin Clark, og den då ukjende Luther Vandross song korvokal på innspelingane.

Demoinnspelingane byrja i Sigma Sound den 8. august 1974, og offisielt fortsette innspelinga 11. august då Visconti kom. Innspelinga gjekk raskt framover og det tok berre to veker å fullføre. Dei vart tidleg samde om å spele så mykje av albumet som mogeleg live, der heile bandet spelte i lag samstundes, inkludert vokalen til Bowie. I følgje Visconti er albumet «kring 85 % 'live' David Bowie». På denne tida forverra kokainmisbruket til Bowie seg raskt, og han kunne halde seg vaken dag og natt medan bandet sov. I følgje Pegg fortalte ein anonym musikar at Bowie «venta i fleire timar på kokain frå New York, og han nekta å spele før det kom.» Kokainbruken hans påverka røysta hans og skapte det Bowie sjølv kalla «ei verkeleg hes røyst», som hindra han i å syngje dei høgaste tonane. Likevel meinte Bowie at albumet inneheld dei høgaste tonane han nokon gong song på ei plate.

Innspelingane på Sigma Sound var særs produktive og gav mange unytta songar, som «After Today», «Who Can I Be Now?», «It's Gonna Be Me», ei nyinnspeling av «John, I'm Only Dancing» (kalla «John, I'm Only Dancing (Again)»), «Lazer», «Shilling the Rubes», ei skrinlagd innspeling av «It's Hard to Be a Saint in the City» og «Too Fat Polka». Då Bowie kom attende til Philadelphia under den andre halvdelen av Diamond Dogs-turneen i november 1974, brukte han og Visconti høvet til å spele inn ekstra lydspor og byrje miksinga. Innspelinga tiltrekte seg merksemda til lokale fans, som byrja å vente utafor studioet i løpet av innspelingsperioden. Bowie hadde jamleg kontakt med desse tilhengjarane, som han kom til å kalle «Sigma Kids». Den siste innspelingsdagen vart Sigma Kids inviterte inn i studio for å lytte til uferdige versjonar av dei nye songane. Albumert vart spelt inn under ulike arbeidstitlar, som Dancin, Somebody Up There Likes Me, One Damned Song (eit sitat frå tittelsporet), The Gouster, Shilling the Rubes og Fascination. Ein tidleg acetat av The Gouster laga av Visconti synte «John, I'm Only Dancing (Again)», «Who Can I Be Now?» og «It's Gonna Be Me» som ein del av albumet.

Etter den andre delen av Diamond Dogs-turneen var over i desember (då kalla Soul-turneen), drog Bowie, Visconti og Alomar til Record Plant i New York City for å spele inn to nye songar, «Fascination» og «Win». På dette stadiet fortalte Bowie til Disc at tittelen kom til å bli Fascination (kalla opp etter den nye songen). «John, I'm Only Dancing (Again)» var framleis på albumet, men dei to nye songane erstatta «Who Can I Be Now?» og «Somebody Up There Likes Me». Visconti, som meinte albumet var heilt ferdig, drog attende til London for å mikse det, medan Bowie vart verande att i New York og arbeidde på ein separat miks i lag med lydteknikaren Harry Maslin. På denne tida var John Lennon i Record Plant der han spelte inn albumet sitt Rock 'n' Roll. Lennon, som var i sin kjende «Lost weekend»-periode, hadde tidlegare møtt Bowie i Los Angeles på ein fest hos Elizabeth Taylor i september 1974. Dei to fann tonen og valde å spele inn i lag. I lag med Alomar drog dei to til Electric Lady Studios i New York i januar 1975 og spelte inn «Fame» og ein versjon av Lennon sin Beatles-song «Across the Universe». Sidan Visconti var borte, vart innspelinga produsert av Maslin. I tillegg til Alomar, inviterte Bowie med seg gitaristen Earl Slick og trommeslagaren Dennis Davis, som spelte på eit studioalbum av Bowie for første gongen, i tillegg til bassisten Emir Ksasan frå Soul-turnebandet. Nykomarar var perkusjonisten Ralph MacDonald og korvokalistane Jean Fineberg og Jean Millington.

Bowie kontakta Visconti om samarbeidet to veker etter at Visconti var ferdig å mikse albumet. I følgje Pegg, skal Bowie ha vore unnskyldande og spurt om to songar kunne erstattast av «Across the Universe» og «Fame». Songane som vart erstatta var «Who Can I Be Now?» og «It's Gonna Be Me». Visconti sa: «Det var vakre songar og eg vart kvalm då han valde å ikkje bruke dei. Eg trur det var det personlege innhaldet i songane som gjorde han motvillig til å gje dei ut, sjølv om det var så skjult at eg trur ikkje ein gong eg visste kva han snakka om i dei!»

Musikk og tekst Young Americans var ei ny musikalsk retning for Bowie. Sjølv om songar på Diamond Dogs, som «Rock 'n' Roll with Me» og «1984», peika fram mot funk- og soul-retninga Bowie kom til å tak, skreiv Stephen Thomas Erlewine på AllMusic at blue-eyed soul-stilen på albumet «kom som eit sjokk». I tillegg til blue-eyed soul, eller blåaugd soul, har musikken på Young Americans blitt skildra som R&B og Philadelphia soul. Bowie sjølv kalla stilen på albumet «plastikk-soul», og skildra det som «dei knuste restane av etnisk musikk slik han overlever i ei tid med muzak-rock, skriven og sungen av ein kvit limey». Ashley Naftule i Consequence of Sound skildra albumet som «eit blue-eyed soul-album som fungerer som Kirsten giftekniv mellom dei kunstnariske rocketendensane til Bowie og det varme alvoret i soul og R&B.» Biografen Christopher Sandford skreiv at albumet er «ei plate med lystige og livlege, kolliderande idear». Biografen Marc Spitz meinte at albumet ikkje synte «Bowie som gjer svart musikk», me heller «Bowie og svart musikk gjer kvarandre».

Plateomslag Bowie ønskte i utgangspunktet eit måla plateomslag laga av Norman Rockwell, men trekte attende tilbodet då Rockwell trengde minst eit halvt år på jobben. I følgje Pegg var ein annan avvist idé eit portrett av Bowie i ein «flygedrakt» og kvitt skjerf, ståade føre det amerikanske flagget med eit heva glas. Det endelege plateomslaget, eit bakgrunnsbelyst og lakksprøyta foto av Bowie, vart teken i Los Angeles den 30. august 1974 av fotografen Eric Stephen Jacobs. Inspirasjonen til Bowie var visstnok eit eksemplar av magasinet After Dark med eit anna av fotografi av Jacobs av den dåverande koreografen til Bowie, Toni Basil. Sjølve omslaget vart designa i New York hos RCA av Craig DeCamps.Craig DeCamps RCA staff designer Sandford kalla det eit av dei «klassiske» plateomslaga.

Utgjeving og marknadsføring mini|left|upright=0.7|Bowie på scenen under Soul-turneen i 1974.