Lemesóssjøen (gresk Αλυκή Λεμεσού, Alykí Lemesoú, tyrkisk Limasol Tuz Gölü), òg kalla Akrotírisjøen (gresk Αλυκή Ακρωτηρίου, Alykí Akrotiríou), er ein saltsjø søraust for byen Lemesós på Kypros med eit areal på 10,65 km². Det lågaste punktet er 2,7 meter under havnivå, og på det djupaste er innsjøen berre 1 meter djup. Σημαντικές Περιοχές για τα Πουλιά της Κύπρου (Viktige område for fuglar på Kypros), av Ζώτος Σάββας. Geologar meiner at innsjøen vart danna ved at småøyar utanfor kysten av Kypros voks i hop.School of Ocean and Earth Science, National Oceanography Centre, Southampton University, UK

Sjølve innsjøen vert rekna som eit av dei viktigaste våtmarksområda aust i Middelhavet. Det at 50 % av innsjøen er mindre enn 30 cm djup trekkjer til seg tusenvis av trekkfuglar som stoppar her på veg nordover eller sørover. Ein har estimert at mellom 2 000 og 20 000 flamingoar held til her i vintermånadane.Birdlife International

Innsjøen ligg innanfor grensene til det britiskstyrte området Akrotíri. I 2003 skapte det britiske militæret bråk då dei reiste to enorme antenner som ein del av overvåkinga si av Midtausten.Cyprus Mail- Fredag, 3. desember 2004) Lokale og europeiske miljøvernsaktivistar frykta at dette skulle forstyrre det skjøre økosystemet.EFGP 3rd Congress , Berlin, Tyskland, 17-19. mai 2002 Nyhendebrev frå Birdlife Cyprus

Kjelder

Kategori:Innsjøar på Kypros