Tuzla (bosnisk kyrillisk Тузла) er ein by og ein kommune i kantonen Tuzla innanfor Føderasjonen Bosnia-Hercegovina, den eine av dei to føderative einingane («entitetane») som staten Bosnia-Hercegovina er delt inn i på grunnlag av Daytonavtalen.

Tuzla er hovudsete i kantonen. Ved folketeljinga i 1991 hadde kommunen vel 110 000 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 75 000. Etter Sarajevo og Banja Luka er Tuzla den tredje største byen i Bosnia-Hercegovina.

Byen ligg norduast i landet og er kjend for sin omfattande framstilling av salt frå underjordiske gruver i under byen. Denne utnyttinga har ført til at byen bokstaveleg talt har søkke fleire meter i løpet av tiåra, og dette har igjen ført med seg, og fører framleis med seg, store materielle skadar. I det nyoppretta museumet Solni Trg er det utstilt fleire hundre år gamle reiskap som vart brukt i saltframstillinga, og andre ting som vitnar om at Tuzla vert rekna for å vere den byen med eldste kontinuerlege busetnad i Europa.

Eit av byen sine største kjennemerke er ein saltsjø i sentrum av byen. Dette er den einaste salte sjøen i Europa. Den 2. oktober 1943 vart Tuzla den største frigjorte byen i Europa til då. Under kommunismen i tidlegare Jugoslavia utvikla Tuzla seg til eit stort industrielt og kulturelt senter. Tuzla er òg kjend for å ha vore den mest multikulturelle og tolerante byen under Bosnia-krigen frå 1991 til 1994, og greidde å halde sitt etningske mangfald og samhald då alle andre byar langt på veg hadde tapt den kampen.

Folketal Dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:

Folketal 1991 Folketal 2013 Tuzla 83 770 74 457 3 237 3 017 2 309 2 278 1 898 1 966 1 259 1 480 Kommunen Tuzla 131 402 110 979

Folk frå Tuzla Bruno Jovanovic, forfattarBruno Jovanovic. Cappelendamm.no. Vitja 24. august 2020

Kjelder Referansar

Kategori:Byar i Bosnia-Hercegovina Kategori:Byar og tettstader i kantonen Tuzla Kategori:Kommunar i kantonen Tuzla