mini|Balkan med den nordvestlege grensa Isonzo-Krka-Sava
Balkan er eit historisk og geografisk namn brukt om ein region i Søraust-Europa. Regionen har eit totalt areal på 550 000 km² og eit tilnærma innbyggjartal på 55 millionar menneske. Balkan vert av og til kalla Balkanhalvøya sidan området grensar til vatn på tre sider: Svartehavet i aust, og armar av Middelhavet i sør og aust (inkludert Adriahavet, Det joniske havet, Egearhavet og Marmarahavet). Området har fått namnet sitt frå Balkanfjella som går gjennom sentrale områda av Bulgaria og austlege delar av Serbia.
Definisjonar og grenser Balkanhavøya mini|Linje mellom det nordlegaste punktet i Adriahavet og det nordlegaste punktet i Svartehavet.
Balkanhalvøya har kyst mot Svartehavet i aust, og armar av Middelhavet i sør og aust (inkludert Adriahavet, Det joniske havet, Egearhavet og Marmarahavet). På større skala går dei ei lang, kontinuerleg fjellkjede, forma som ein spegelvend S, frå Karpatane og sør til Balkanfjella, og vidare austover til Anatolia i Tyrkia. På vestkysten følgjer ein sideleggjar frå Dei dinariske alpane kysten sørover gjennom Dalmatia og Albania, kryssar Hellas og held fram i havet der ho dannar fleire øyar. Ordet var basert på det tyrkiske ordet balakan ('stein, klippe') som stadfestar den reint «tekniske» tydinga av uttrykket. Fjellkjeda som går på tvers av Bulgaria frå vest til aust (Stara Planina) vert framleis kalla Balkanfjella.
Etymologi Det gamle greske namnet på Balkanhalvøya er Haemus (Χερσόνησος του Αίμου).
Opphavet til namnet Balkan finn ein i eldgamle soghdiske og khwarezmiske språk frå vestlege delar av Sentral-Asia i tillegg til persisk. I desse språka tyder «Barkhan» 'rullande åsar' eller 'dyner'. Namnet vert framleis brukt i Sentral-Asia i Turkmenistan, der ei halvøy i Kaspihavet og ein provins vert kalla Balkhan. Området har derimot fått namnet sitt frå Balkanfjella i Bulgaria, som tyrkarane gav namn til. Det tyrkiske ordet tyder 'ei rekkje av skogkledde, rullande åsar eller fjell'.
Den eldste bruken av namnet finn ein på eit arabisk kart frå 1300-talet, der Balkanfjella (då også kalla Haemus Mons) blir kalla Balkan. Den første kjende bruken av «Balkan» om fjella i Vesten var i eit brev frå 1490, send til pave Innocens VIII av Buonaccorsi Callimarco, ein italiensk humanist, forfattar og diplomat. Ottomanarane brukte først nemninga i eit dokument frå 1565.
Ein engelsk reisande, John Morritt, introduserte namnet i engelsk litteratur på slutten av 1700-talet, og andre forfattarar byrja å bruke det same namnet for eit breiare området mellom Adriahavet og Svartehavet. Konseptet om Balkanhalvøya vart oppretta av den tyske geografen August Zeune i 1808.
Ettersom tida gjekk fekk uttrykket gradvis politiske konnotasjonar som gjekk langt utover den opphavlege geografiske tydinga. Det utvikla seg frå politiske endringar seint på 1800-talet til danninga av Jugoslavia etter Den første verdskrigen. «Balkanisering» er blitt eit omgrep for det å dela opp ein stat i mange mindre statar.
Zeune sitt mål ser ut til å ha vore og lage ein geografisk parallell til den italienske og Den iberiske halvøya, og ikkje noko meir. Dei politiske konnotasjonane er av nyare dato, og kjem hovudsakleg av forskjellige politiske omstende. Uttrykket «Balkan» inkluderte området som var under tyrkisk herredøme etter 1699, nemleg Bulgaria, Serbia (utanom Vojvodina), Makedonia, Albania, Bosnia-Herzegovina, Montenegro (bortsett frå Bokabukta og Budva), Kosovo og fastlandsområda av Hellas. Kroatia, Vojvodina og Transylvania (i Romania) høyrer ikkje til Balkan. Etter at Jugoslavia vart splitta i juni 1991, fekk uttrykket «Balkan» igjen ei negativ tyding, sjølv til uformelt bruk. Etter delinga av Jugoslavia har Kroatia, og særleg Slovenia, bede om å ikkje lenger verte kalla ein «Balkannasjon». Dette kjem delvis av den nedsetjande tydinga «Balkan» fekk på 1990-talet og framleis har i dag. I dag er «Søraust-Europa» føretrekt, eller «Sentral-Europa» for Slovenia og stundom Kroatia. Sjølv om det verken er historisk, geografisk eller politisk rett, så kjem sannsynlegvis «Balkan» til å framleis ha ei breiare og nedsetjande tyding.
Søraust-Europa På grunn av dei tidlegare nemnde konnotasjonane av uttrykket «Balkan», føretrekk mange folk uttrykket Søraust-Europa i staden. Bruken av dette uttrykket veks sakte, og eit initiativ av EU i 1999 er kalla Stabilitetspakt for Søraust-Europa, og nettavisa Balkan Times skifta namn til Southeast European Times i 2003.
Bruken av dette uttrykket for Balkanhalvøya (og berre det) ignorerer teknisk sett nordlege område av Romania, Moldova, Ukraina og Nord-Kaukasus, som òg høyrer til den søraustlege delen av Europa.
Balkanfolket
Identiteten til balkanfolket er dominert av geografien i området, og gjennom historia har området hatt forskjellige kulturar på kryss og tvers. Det har vore eit knutepunkt mellom latinske og greske folkegrupper i Romarriket, området der heidenske slavarar strøymde til, eit område der både ortodoks og katolsk kristendom møttest, og eit område der kristendom og islam møttest. Det var òg eit område der jødar på flukt frå inkvisisjonen skjulte seg.
Balkan i dag er eit svært mangfaldig etnisk og språkleg område med slaviske, romanske og tyrkiske språk, i tillegg til gresk, albansk og andre. Gjennom historia har mange etniske grupper med sine eigne språk budd i området, mellom anna keltarar, illyrarar, romarar, avararar, valakarar, tyskarar og forskjellige germanske stammer.
Derfor har Balkan ei rik historie. Den historiske hendinga som kanskje har sett størst preg på folket på Balkan er utvidinga, og seinare fallet, til Det ottomanske riket. Det finst ikkje eit folk på Balkan som ikkje har sine store folkeheltar i samband med anten angrepa eller tilbaketrekkinga til ottomanane. For kroatarane er det Nikola Zrinski, for serbarane Miloš Obilić, for albanarane Skanderbeg, for bulgararane Vasil Levski og makedonarane Gotse Deltsjev.
I den moderne tida har «Balkan» fått ein negativ konnotasjon i vesten, og er ofte assosiert med splitting, vald, strid og sterkt samhald. Sjølv om slike karakteristikkar av Balkan er vanleg i dag, er det òg svært overdrive, og ei urett framstilling av heile historia i området.
Grenseproblematikk Den nordlege grensa av Balkanhalvøya kan ha ulike definisjonar. Ho vert vanlegvis rekna for å vere linja danna av elvene Donau, Sava og Kupa, og eit segment som knyter munningen av Kupa med Kvarnerbukta.
Andre definisjonar for den nordlege grensa av Balkan har òg vore føreslått:
linja Donau - Sava - Krka - Postojnska Vrata - Vipava - Isonzo linja Donau - Sava - Ljubljansko polje - Idrijca - Soča linja Dniester - Timişoara - Zagreb - Triglav linja Trieste - Odessa linja Triestebukta - Ljubljana - Sava - Donau
mini|Balkan-halvøya (avgrensa av linja Donau-Sava-Kupa.
Den mest brukte grensa i nord er linja Donau-Sava-Kupa. Linja er underbygd både historisk og kulturelt. Når området er definert slik (utanom Montenegro, Dalmatia og Dei joniske øyane) inneheld det mesteparten av Det ottomanske riket i Europa frå seint på 1400-talet til 1800-talet. Kupa dannar ei naturleg grense mellom søraustlege område av Slovenia og Kroatia, og har vore ei politisk grense sida 1100-talet, som delte Carniola (som høyrde til Austerrike) frå Kroatia (som høyrde til Ungarn).
Donau-Sava-Krka-Postojnska Vrata-Vipava-Isonzo-linja tar ikkje med historiske og kulturelle faktorar, men er ei geografisk avgrensing av Balkanhalvøya. I denne løysinga høyrer dei karstiske og dinariske områda til Balkanregionen.
Sava halverer Kroatia og Serbia og Donau, som er den nest lengste elva i Europa (etter Volga) dannar ei naturleg grense mellom både Bulgaria og Serbia og Romania. Nord for denne linja ligg Den pannoniske sletta og Karpatane (i Romania).
Sjølv om Romania (utanom Dobrudja) ikkje geografisk er ein del av Balkan, så vert det ofte tatt med som ein del av Balkan.
I følgje den mest vanlege grensesettinga ligg Slovenia og Kroatia nord for Balkan, og vert rekna som ein del av Sentral-Europa. Både historisk og kulturelt er dei òg nærare Sentral-Europa, sjølv om kulturen deira har enkelte element frå Balkan-kulturen.
Den nordlege grensa for Balkanhalvøya kan ein derimot òg bli dradd annleis slik at i det minste delar av Slovenia og ein liten del av Italia (Trieste-provinsen) høyrer inn under Balkan.
Slovenia og Kroatia vart rekna som land i Balkan sidan dei tidlegare var ein del av Jugoslavia. Då Balkan vart skildra på 1900-talet vart heile Jugoslavia inkludert (og derfor Slovenia, Istria, øyar i Dalmatia og andre delar av Kroatia og Vojvodina i tillegg).
Sava-Kipa grensa vil utelate ein stor del av Kroatia frå Balkan (desse områda vart styrt av Habsburgmonarkiet og Republikken Venezia under Ottoman-perioden). Andre faktorar som tidlegare historie og kultur knyter òg Kroatia meir til Sentral-Europa og Middelhavsregionen enn til Balkan.
Ein vanleg definisjon i dag mini|Politisk kart frå 1891 mini|Politisk kart frå 1991
I den vestlege verda er det vanleg å inkludere desse landa i Balkanregionen: Albania Bosnia-Herzegovina Bulgaria Hellas Montenegro Nord-Makedonia Serbia Tyrkia, men berre den europeiske delen (tradisjonelt kalla Rumelia eller Aust-Thrakia)
Andre land vert stundom òg tatt med på lista: Kroatia Romania Slovenia
Enkelte land, som Romania, Kroatia, Slovenia og stundom Hellas, føretrekk å ikkje verte kalla «Balkanland» fordi det «å vere frå Balkan» vert rekna for å vere eit nedsetjande uttrykk.
Tilknytte land Andre land som ikkje er med i Balkanregionen, men som er nært knytt til området eller har spelt ei viktig rolle geopolitisk, kulturelt og historisk er: Austerrike (sjå òg Austerrike-Ungarn, Skota i Sarajevo) Kypros (sjå òg Kyproskrisa) Ungarn (sjå òg Austerrike-Ungarn) Italia (sjå Trieste; Kroatia: Dalmatia, Zadar, Rijeka, slovensk historie) Moldova (sjå moldovsk historie) Russland (sjå serbisk historie, gresk historie, bulgarsk historie, rumensk historie)
Natur og naturressursar
Det meste av området er dekt av fjellkjeder som går frå nordvest til søraust. Dei største fjellkjedene er Dei dinariske alpane i Slovenia, Kroatia og Bosnia, Šar-massivet, som ligg i Albania og Makedonia, og Pindus-kjeda som går frå sør i Albania og inn i sentrale område av Hellas. I Bulgaria går det kjeder frå aust til vest: Balkanfjella og Rodopifjella ved grensa til Hellas. Det høgaste fjellet i regionen er Musala i Bulgaria på 2 925 m, med Ólymbos i Hellas, trona til Zevs, som det nest høgaste med 2 919 m. Det tredje høgaste fjellet er Vihren i Bulgaria med 2 914 meter.
På Adriahavskysten er det fuktig subtropisk klima og middelhavsklima, på Egearhavskysten er det middelhavsklima, på svartehavskysten er det fuktig subtropisk klima og maritimt klima, og i indre område fuktig kontinentalklima. I nordlege delar av halvøya og i fjella er vintrane kalde og snørike, medan somrane er varme og tørre. I sørlege område er vinteren mildare.
Gjennom hundreår er mange skogar hogd ned og erstatta med buskar og kratt. I sørlege område, og langs kysten, er vegetasjonen eviggrøn. I innlandet har ein skogar som er typisk for Sentral-Europa (eik og bøk), og i fjellet gran og furu. Tregrensa i fjellet ligg på om lag 1 800 til 2 300 m.
Jordsmonnet er er generelt dårleg, bortsett frå på slettene i område der naturleg gras, grøderik jord og varme somrar gjev gode vilkår for jordbruk. Elles er jorddyrkinga vanlegvis vanskeleg på grunn av fjella, steikande varme om sommaren og dårleg jordsmonn. Det vert derimot dyrka ein del oliven og druer.
Energiressursar er det knapt med. Det er enkelte førekomstar av kol, særleg i Romania, Bulgaria, Serbia og Bosnia. Brunkol har ein mykje av i Hellas. Petroleum er det mest av i Romania, sjølv om ein har enkelte førekomstar i Hellas, Serbia, Albania og Kroatia. Naturgass er det derimot lite av. Vasskraftverk vert mykje brukt for straumproduksjon.