Hahnenkamm er eit fjell over Kitzbühel i Kitzbühelalpane i Austerrike, med ei høgd på 1 712 m.

Skisenteret i Kitzbühel held til i dette fjellet, og kvart år går det eit renn her kalla Hahnenkammrennen. Den mest vidgjetne løypa i fjellsida av Hahnenkamm er Streif, som vert rekna som den mest krevjande løypa i verdscupen i alpine greiner.

Hahnenkamm-rennet Hahnenkammrennen har vorte halde årleg sidan 1931, og har vore ein del av Verdscupen i alpint for menn sidan 1967.

Tradisjonelt vart vinnaren av Hahnenkamm-rennet avgjort etter ein kombinasjon av utfor og slalåm, men i dag er det personen som vinn konkurransen i utfor som kan kalle seg Hahnenkammsieger. To nordmenn har vunne utforrenn her, Atle Skårdal i 1990 og Lasse Kjus i 1999 og 2004.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hahnenkamm (Kitzbühel)» frå , den 21. mai 2016.

Kategori:Fjell i Austerrike Kategori:Tirol