Dei store sjøane er fellesnemninga på dei fem innsjøane Ontariosjøen, Eriesjøen, Øvresjøen (Lake Superior), Huronsjøen og Michigansjøen i grenseområdet mellom USA og Canada.
Sjøane er den største gruppa med ferskvassjøar i verda, er ein del av det største ferskvassystemet i verda. Innsjøane inneheld over 35 000 øyer og er kopla til havet gjennom eit system av sluser, kanalar og elver. Slusene er for smale for mange skip, noko som har avgrensa sjøfarten på sjøane. Trass i storleiken har dei ein tendens til å fryse til om vinteren.
Ein mykje mindre, sjette innsjø, St. Clairesjøen, mellom Huron og Erie er og ein del av det same ferskvassystemet, men blir ikkje rekna mellom dei store innsjøane.
Elvene i ferskvassystemet Systemet inkluderer og elvene som bitt sjøane saman: St. Mary's River frå Øvresjøen til Huron St. Claire River frå Huron til St. Claire Detroitelva frå St. Claire til Erie Niagaraelva, med Niagarafalla frå Erie til Ontario
Michigansjøen er kopla til Huronsjøen gjennom Mackinacstredet. Desse to sjøane ligg like høgt over havet og er geologisk det same vatnmassivet, men er geografisk skilt og blir derfor rekna for å vere to sjøar. Ei halvøy og store øyer deler Huron i to delar; hovedsjøen og Georgian bay.
Utløp Det viktigaste utløpet frå systemet er St. Lawrence-elva, som renn ut frå Ontariosjøen gjennom Quebec til Atlanterhavet. Eit utal elver renn inn i dette systemet, over 200 berre i Øvresjøen.
Nøkkeltal Frå vest mot aust, den retninga vatnet generelt flyt, plasserer sjøane seg slik:
Namn Overflate Volum Største djup Høgde over havet Grensar mot InfoSuperior82.000 km²12.232 km3406 m183 mOntario, Canada; Wisconsin, Minnesota, Michigan, USA.Den største ferskvatnsjøen i verda målt ettert areal, nest størst i volum.Michigan57.750 km²4.918 km3281 m177 mIndiana, Wisconsin, Illinois, Michigan, USADen einaste som ligg fullstendig i USA. Same høgde over havet og eigentleg det same vatnmassivet som Huron, men de ligg geografisk skilt.Huron59.600 km²3.538 km3230 m177 mMichigan, USA; Ontario, Canada.Den nest største. Inneheld Manitoulin Island, den største innsjøøya i verda.Erie24.000 km²483 km3? m174 mOhio, New York, Pennsylvania, Michigan, Ontario.Den minste i volum og den grunnaste.Ontario19.009 km²1.639 km3244 m75 mNew York, USA; Ontario, CanadaDen minste overflata og ligg mykje lågare enn dei andre
Bakgrunnsstoff
Kategori:Innsjøar i Canada Kategori:Innsjøar i USA