Eriesjøen (engelsk Lake Erie) er ein av dei store sjøane i Nord-Amerika. Sjøen grensar til delstatane Ohio, Pennsylvania, New York og Michigan. I nord grensar han til Canada. Eriesjøen er den trettande største ferskvass-innsjøen i verda. Sjøen har eit areal på 24 000 km² og har ei gjennomsnittsdjupn på 19 meter. Han inneheld 483 km³ vatn.

Sjøen er kalla opp etter irokesarstammen erie, som budde i sør for sjøen før europeiske nybyggarar dreiv dei vekk frå området.

mini|venstre|Kart over Eriesjøen (mørkblå) og dei andre store sjøane

Sjøen skaper gunstige tilhøve for jordbruk i dei omkringliggande områda i Ontario, Ohio, Pennsylvania og New York. Sjøen inneheld mange fiskeartar og er populær både for sportsfiske og profesjonelle fiskeri. Men, etter at høge ureiningsnivå vart oppdaga på 60- og 70-talet har det vore ein lang debatt om forvaltning av sjøen og fiskeria.

Dei fem store sjøane er Øvresjøen, Michigansjøen, Ontariosjøen, Eriesjøen og Huronsjøen.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Innsjøar i USA Kategori:Innsjøar i Ontario Kategori:Geografi i Ohio Kategori:Geografi i Pennsylvania Kategori:Geografi i delstaten New York Kategori:Geografi i Michigan Kategori:Dei store sjøane Kategori:Innsjøar i Canada