Ei lokal folkerøysting er ei folkerøysting i ein kommune eller eit fylke. Det kan og vere folkerøystingar på andre nivå som ikkje er nasjonalt. Kommunelova seier ingenting om folkerøystingar kan eller må haldast. I følgje lova kan kommunane ikkje arrangere bindande folkerøystingar i kommunale/fylkeskommunale saker utan at det ligg særskilt lovheimel til grunn. Dette hindrar likevel ikkje kommunane/fylkeskommunane i å ha rådgjevande folkerøystingar før avgjerder blir fatta i representative organ.

Opinionsundersøkingar Kommunane/fylkeskommunane gjennomfører ofte ulike typar opinionsundersøkingar, som til ein viss grad er formalisert i lovverket. Det gjeld mellom anna Plan- og bygningslova, der det blir lagt stor vekt på informasjon og at innbyggjarane skal kunne uttale seg om eventuelle planforslag. Tilsvarande står det i inndelingslova at kommunestyret bør sørgje for å få fram synspunkta til innbyggjarane om endring av kommunegrensene. Og vidare, at ei slik høyring kan ta form av ei folkerøysting, opinionsundersøking, spørjeundersøking eller liknande (Ot.prp.nr.44 2004-2005). Endeleg vart det i 2003 innført ein forslagsrett i Kommunelova. Regelen pliktar kommunestyret/fylkestinget til å ta stilling til forslag som gjeld kommunal verksemd, om minst 2 prosent av innbyggjarane eller 300 personar i kommunen krev det. Departementet har gått ut frå at denne regelen også kan bli brukt til å krevje at kommunestyret tek spørsmålet om å halde ei folkerøysting opp til vurdering, men at fleirtalet i kommunestyret i så fall står fritt til å avgjere om det skal haldast folkerøysting eller ikkje (Ot.prp.nr.44 2004-2005:13).

Folkerøystingsinstituttet har likevel vore eit viktig innslag i lokaldemokratiet. Både i alkohol- og språkpolitikken har særlovgjevinga gjort at folkemeininga har spelt ei avgjerdande rolle for politikkutviklinga. Om lag halvparten av dei 514 lokale folkerøystingane i perioden 1970-2000 har handla om opplæringsspråk i skulen, medan drygt ein fjerdedel har dreidd seg om sal - og skjenkeløyve av alkohol. Begge representerer politikkområde der dei politiske motsetnadane historisk like mykje har gått gjennom dei politiske partia som mellom dei (Stein Rokkan 1987). Reglane i alkohollova om rett til å krevje rådgjevande folkerøysting om omsetjing av alkohol fall bort i 1989. Kommunane skal no gje løyve etter søknad etter å ha innhenta opplysningar frå helse- og sosialstyret og frå politiet. I dag er det berre spørsmålet om målform i skulen som er omfatta av retten til å krevje folkerøysting. I Opplæringslova heiter det: «I samband med skifte av hovudmål, eller når eit fleirtal i kommunestyret eller minst 1/4 av dei røysteføre krev det, skal det haldast rådgjevande folkeavstemming» (Ot.prp.nr.44 2004-2005:13).

Folkerøysting om alkoholpolitikken Det er viktig å merke seg at i alkoholpolitikken har lovgjevinga opna for både bindande lokale folkerøystingar og direkte initiativ (NOU 1995:24). Kommunane har heilt frå 1837 vore ein viktig kamparena for fråhaldsrørsla. Allereie då vart det innført reglar som gjorde det naudsynt med kommunalt løyve for å selje eller skjenke brennevin på landsbygda. I 1869 blei øl og vin underlagt det same regelverket. Brennevinslova frå 1894 slo fast at lokale folkerøystingar skulle avgjere kva byar som skulle ha samlag. Røystereglane blei utforma slik at dei favoriserte den rådande situasjonen ved at dei som ikkje møtte fram på valdagen vart tekne til inntekt for status quo. I 1918 blei lova endra for å gjere det vanskelegare å opprette nye samlag, og tilsvarande lettare å leggje ned eksisterande. Lova sa no at dei som ikkje møtte fram på valdagen skulle telje som om dei hadde stemt mot samlag. Frå vinmonopolet blei danna i 1922 skifta fråhaldsrørsla hovudkursen frå å vilje avskaffe alkoholomsetnaden til å gå for større regulering. Frå då av var det berre kommunestyra som kunne gje løyve til sal og skjenking av vin og øl. Eit vinmonopolutsal kunne berre opprettast eller nedleggast etter at det var arrangert ei lokal folkerøysting. I 1918 vart røystereglane endra slik at det vart kravd eit fleirtal blant dei frammøtte for å endre situasjonen i ein kommune. I 1956 opna ein for å halde bindande lokale folkerøystingar i samband med sal eller skjenking av øl og vin. I 1967 blei reglane for folkerøysting for å få kommunalt løyve til sal eller skjenking av brennevin, vin og øl likestilt. Det var ikkje lenger eit vilkår for å få løyve at det vart halde bindande avstemming. Derimot skulle det haldast bindande folkeavstemming om 5 prosent av dei røysteføre i kommunen kravde det. Medan folkerøystingane fram til 1920-talet var ein nyttig reiskap fråhaldsrørsla nytta for å få stengt alkoholkranane, vart folkerøystingsinstituttet frå midten av 1920-talet eit reiskap for å opne kranane. I 1993 var det berre 26 kommunar utan alkoholutsal, og 18 kommunar der det ikkje vart skjenka alkohol.

Folkerøysting om opplæringsmål I språksaka lanserte riksmålsrørsla ideen om folkerøysting, medan målfolket nådde fram med strenge reglar for at utfallet skulle vere bindande. Reglane for folkeinitiativ vart utforma slik at det vart kravd fem gonger så mange underskrifter for å få i stand ei språkrøysting som ei alkoholrøysting. Dette hindra likevel ikkje at nynorsken tapte terreng i perioden etter krigen. Røyserettsreglane har vore eit viktig stridsspørsmål i debatten om språkrøystingane. Målfolket meinte alle innbyggjarar skulle ha røysterett sidan språkforma i skulen gjaldt alle innbyggjarane, ikkje berre foreldra. Frå 1915 sa reglane at eit fleirtal i skulestyret kunne vedta å halde språkrøysting, alternativt kunne folket gripe inn ved folkeinitiativ. Ein fjerdedel av dei røysteføre i skulekrinsen kunne krevje folkerøysting. I perioden 1971-85 vart røysteretten avgrensa til foreldre og føresette og resultata av avrøystingane vart gjort bindande. Dette favoriserte riksmålet, noko som førte til at Stortinget i 2000 vedtok ei ordning der alle fekk høve til å stemme. Nesten alle språkrøystingane sidan 1965 har vore haldne i skulekrinsar der nynorsk var opplæringsmål. Språkrøystingane har historisk retta seg eintydig mot nynorsken, men no favoriserer reglane nynorsken ved å ha strenge krav til folkeinitiativ. Ein brei definisjon av kven som skal ha røysterett blir i dag sett på som nødvendig for å demme opp for nynorsken sin tilbakegang.

Folkerøysting om kommuneinndeling Kommuneinndeling har vore eit anna viktig tema for lokale folkerøystingar. 58 av 514 avrøystingar i perioden 1970-2000 har omhandla slike spørsmål. Av dei 8 prosent av kommunane som rapporterer å ha gjennomført folkerøystingar i perioden 2000-2003, har rundt halvparten handla om kommuneinndeling (Hovik og Stigen 2004:116). Tematisk famnar desse ei rekke problemstillingar frå kommunesamanslåingar, lausrivningar, eller byte av fylke for ein kommune. Spørsmålet om kommuneinndeling har endra karakter over tid. På byrjinga av 1990-talet vedtok Stortinget samanslåing trass i massiv motstand frå fleire involverte kommunar. Eksempelvis var over 90 prosent av innbyggjarane i kommunane rundt Fredrikstad imot samanslåing, men det vart likevel vedteke i Stortinget. I ettertid har Stortinget vedteke at kommunar ikkje skal bli slått saman mot eiga vilje, men dette er ikkje nedfelt i lovverket. Inndelingssaker blir avgjort i Stortinget, men inndelingslova tilseier at innbyggjarane skal bli høyrt. I nyare tid har kommunane også gjennomført enkelte folkerøystingar der miljøpolitiske tema er sett på dagsorden.

Talet på folkerøystingar i Noreg og andre nordiske land= I sum har nesten halvparten av landets kommunar erfaring med lokale folkerøystingar (Adamiak 2002). Samanlikna med andre nordiske land har folkerøystingsinstituttet spelt ei viktig rolle i det norske lokaldemokratiet. Medan Danmark har hatt 47 lokale folkerøystingar i perioden 1970-1993, Sverige 46 mellom 1977 og 1999, Finland rundt 40, har det blitt arrangert heile 514 folkerøystingar i norske kommunar i perioden 1970-2000 (Adamiak 2002, Taube 2004, Sutela 1999, Walin 1997).

Innbyggjarinitiativ Kommunelova (§ 39a) sin regel om innbyggjarinitiativ er ein av få lovendringar dei seinare år som har opna for alternative deltakingskanalar i lokalpolitikken. Regelen tilseier at lokalpolitikarane ikkje lenger har einerett til å fremje saker til handsaming i dei politiske organa. Ordninga skulle medverke til å fange opp eit aukande saksorientert politisk engasjement og kanalisere dette inn i det representative demokratiet. I ein forskingsrapport utført på oppdrag av lokaldemokratikommisjonen har Jan Erling Klausen og Dag Arne Christensen sett på enkelte erfaringar med ordninga. Under­søkinga dekker eit tidsrom på om lag eitt år og åtte månader og resultata må bli sett i forhold til det. Tre hovudtema med påfølgjande spørsmål vert studert. 1) innbyggjarinitiativet som deltakingskanal: Er ordninga ofte i bruk? Kven tek initiativ, og i kva saker? 2) Kommunane sin respons: Korleis reagerer kommunane? Er nålauge for å få politisk gjennomslag trongt? Og, 2) kommunal variasjon: Er det samanhengar mellom trekk ved kommunane (stor/liten, tettbygd/spreiddbygd, høg/låg valdeltaking) og reforma si politiske gjennomslagskraft?

Hyppig bruk Hovudfunna i undersøkinga er at innbyggjarinitiativet er forholdsvis ofte brukt i kommunane. Føreset ein at kommunane som svarte på undersøkinga er representative for alle norske kommunar, så er initiativretten nytta i om lag 75 av 433 kommunar, i nokre av dei fleire gonger. Dess fleire innbyggjarar i kommunen, dess meir blir initiativretten nytta. Innbyggjarinitiativet ser ikkje ut til å vere eit vidare effektivt verkemiddel for å få politisk gjennomslag. Vanlegvis vert initiativa avviste eller nedstemte – dette har skjedd i nær tre av fire tilfelle. Eitt at ti initiativ har vunne fram etter avrøysting i kommunestyret. Ein stor del av initiativa vert avviste på formelt grunnlag. Om saka (på ein eller annan måte) har vore innom kommunestyret/bystyret så er hovudregelen at saka vert avvist. Forskarane konkluderer med at kommunane har lagt seg på ei streng fortolking av kommunelova sin paragraf 39a. Endeleg er det relativt stor spreiing i initiativa sitt politiske innhald. Eit gjennomgåande trekk er likevel at sakene dreier seg om den nære lokalpolitikken. Det vil seie konkrete og fysiske forhold. Vegstubbar, bygningar og parkar dominerer. Det er i hovudsak laust organiserte grupper som startar initiativa. Dei permanente og etablerte lokale foreiningane er relativt svakt representerte blant initiativtakarane.

Lokale folkerøystingar i andre land: Reglar og erfaringar

Vallovutvalet viser at bruken av nasjonale folkerøystingar har auka over tid (NOU 2001:3). Halvparten av dei nasjonale folkerøystingane i verda har funne stad i perioden etter 1970. Fram til 1993 hadde det på verdsbasis blitt arrangert om lag 800 landsomfattande folkerøystingar. Litt over halvparten av desse (414 av 799) vart haldne i Sveits. Enno er det land som aldri har gjennomført folkerøystingar på nasjonalt nivå, og land som er svært tilbakehaldne på området (Tyskland, Storbritannia og Belgia). Utviklinga i retning av eit større innslag av direkte demokrati på det nasjonale nivået ser dermed ut til å gjelde eit fåtal land. Dette er ikkje tilfelle på lågare styringsnivå.