Bygstad er ei bygd og eit sokn i Sunnfjord kommune i Sunnfjord. Staden ligg inst i Dalsfjorden. I Bygstad er det kyrkje, nærbutikk, pub, samfunnshus, barnehage og barneskule. Barneskulen har i gjennomsnitt i overkant av 100 elevar. Frå Bygstad er det vel to mil til regionssenteret Førde, om lag fire mil til industristaden Høyanger i Sogn og 15 mil til Bergen.
Bygstad sokn mini|venstre|Bygstad kyrkje bygd i 1845 og flytt i 1939 Bygstad er eit kyrkjesokn i Sunnfjord prosti. Det er ei kyrkje i soknet, Bygstad kyrkje frå 1845 i Bygstad. Ho erstatta ei stavkyrkje frå 1200-talet
Bygstad og resten av Gaular høyrde fram til 1755 til Holmedal prestegjeld, då vart det deld i to og Gaular oppretta som Indre Holmedal prestegjeld. Indre Holmedal skifte namn til Gaular prestegjeld i 1911.
Kjelder Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen Om Bygstad sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
Fotnotar
Kategori:Busetnader i Sunnfjord Kategori:Bygder i Vestland