thumb|Fana kyrkje Fana prosti er eit tenestedistrikt i Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten har sete i Fana.

Os sokn og Austevoll sokn vart overført til prostiet då Midhordland prosti var lagt ned i 2014.«Endringar i prostigrenser» Fusa sokn vart overført då Os og Fusa kommunar slo seg saman til nye Bjørnafjorden kommune.

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn.

Sokn Det er sju sokn i prostiet (2024).

Austevoll sokn Birkeland sokn Fana sokn Fusa sokn Os sokn i Bjørgvin Skjold sokn i Bjørgvin Søreide sokn

Prestegjeld Prestetenesta var før organisert lokalt i prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Fana prosti desse prestegjelda:

Storetveit prestegjeld med Storetveit sokn Bønes sokn

Skjold prestegjeld med Skjold sokn i Bergen

Fana prestegjeld med Fana sokn

Birkeland prestegjeld med Birkeland sokn

Søreide prestegjeld med Søreide sokn

Slettebakken prestegjeld med Slettebakken sokn

Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune

Kjelder

Kategori:Prosti i Noreg Kategori:Hordaland fylke Kategori:Bjørgvin bispedømme