Gnagarar (latin Rodentia) er ein orden av pattedyr som er særprega ved dei to kraftige fortennene i overkjeven. Tidlegare rekna ein òg haredyra til gnagarane under overordenen Glires, men ein har gått bort frå dette synet i nyare tid.

Til gruppa høyrer omkring 1 500 beskrivne artar fordelt på 30 familiar. I Noreg førekjem 18 artar.

Kjenneteikn Gnagarane sitt fremste kjenneteikn er framtennene deira, som er tilpassa gnaging og veks heile livet. Hjå brunrotte Rattus norvegicus veks dei så mykje som 2,7 mm i veka. Dei er dekt med hard emalje berre på framsida, så når dei vert brukt får dei ein kvass egg som gjer dei til effektive gnagereiskapar. Ulike grupper nyttar dei til ulike føremål. Mønsteret i emaljen kan vera nyttig når ein skal bestemma artar.

Dyra i gruppa er kompakt bygde og har oftast korte bein. Dei er sålegjengarar og er elles særs varierte i kroppsbygging; særleg halen. Berre i Noreg er spennet breitt; artar som bever, ekorn, dei ulike rottene og lemenet har vidt ulike former på halen sin.

Den største gnagaren i verda i dag er flodsvinet, som kan vega over 60 kg og lever i våtmarker i Sør-Amerika. Dei langt fleste gnagarar er likevel smågnagarar som oftast veg mindre enn 100 gram.

Inndeling miniatyr|Afrikansk pygmemus er rekna som ein av dei to minste gnagarane. miniatyr|Dvergmus er rekna som ein av dei to minste gnagarane, og er blitt observert i Noreg.miniatyr|Bever er den største gnagaren som lever naturleg i Noreg. mini|Flodsvin er den største nolevande gnagaren i verda. Inndelinga under følgjer Animal Diversity Web,Myers, P., R. Espinosa, C. S. Parr, T. Jones, G. S. Hammond, and T. A. Dewey (2006) Rodentia (online), Animal Diversity Web. Vitja 23. november 2007 med nokre tillegg etter Handbook of the Mammals of the World (2017). Don E. Wilson, Thomas E. Lacher, Jr, Russell A. Mittermeier, Handbook of the Mammals of the World - Volume 7: Rodents II, pp. XXX, pub. november 2017, ISBN 978-84-16728-04-6

Orden: Rodentia, gnagarar Underorden: Anomaluromorpha, springharegruppa Familie: Anomaluridae, skjelekornfamilien, lurvehaleekornfamilien Familie: Pedetidae, springharefamilien Underorden: Castorimorpha, bevergruppa Familie: Castoridae, beverfamilien Familie: Geomyidae, kinnposerottefamilien Familie: Heteromyidae, kengururottefamilien Underorden: Hystricomorpha, marsvingruppa Infraorden: Ctenodactylomorphi, kamfingerrottelignende gnagarar Familie: Ctenodactylidae, kamfingerrottefamilien Infraorden: Hystricognathi Parvorden: Phiomorpha Familie: Hystricidae, holepiggsvinfamilien Familie: Petromuridae, klipperottefamilien Familie: Thryonomyidae, sumprottefamilien Parvorden: Bathyergomorpha, sandgravarliknande gnagarar Familie: Bathyergidae, sandgravarfamilien Parvorden: Caviomorpha, marsvinliknande gnagarar Overfamilie: Erethizontoidea, trepiggsvingruppa Familie: Erethizontidae, trepiggsvinfamilien Overfamilie: Cavioidea Familie: Dasyproctidae, agutifamilien Familie: Cuniculidae, pakafamilien Familie: Dinomyidae, pakaranafamilien Familie: Caviidae, marsvinfamilien Overfamilie: Octodontoidea, trompetrottegruppa Familie: Octodontidae, trompetrottefamilien Familie: Ctenomyidae, kamrottefamilien Familie: Echimyidae, piggrottefamilien, tornerottefamilien Familie: Myocastoridae, sumpbeverfamilien Familie: Capromyidae, beverrottefamilien Overfamilie: Chinchilloidea, chinchillagruppa Familie: Chinchillidae, chinchillafamilien Familie: Abrocomidae, haremusfamilien Underorden: Myomorpha, museliknande gnagarar Overfamilie: Dipodoidea, hoppemusgruppa Familie: Sminthidae, bjørkemusfamilien Familie: Zapodidae Familie: Dipodidae, hoppemusfamilien Overfamilie: Muroidea, musegruppa Familie: Calomyscidae Familie: Cricetidae, hamsterfamilien Familie: Muridae, musefamilien Familie: Nesomyidae Familie: Platacanthomyidae Familie: Spalacidae, moldvarprotter Underorden: Sciuromorpha, ekorngruppa Familie: Aplodontidae, beverekornfamilien Familie: Gliridae, sjusovarfamilien Familie: Sciuridae, ekornfamilien

Kjelder

Semb-Johansson, Arne (red): Norges dyr - pattedyrene 3 Cappelen 1990

Bakgrunnsstoff

Kategori:Pattedyr