Tijan Jaiteh () er ein gambisk fotballspelar som spela for SK Brann i den norske Tippeligaen i 2007-sesongen.
Brann vart først merksame på Jaiteh i mai 2005 og han gjesta Bergen to gonger for å trena med klubben. Klubben måtte venta til Jaiteh vart 18 år gamal før dei kunne tilby han proffkontrakt. Han har representert Gambia for U-17-, U-20- og U-23-landslaget. Brann beskriv Jaiteh som ein spanande, defensiv midtbanespelar.
I januar 2011 vart Jaiteh lånt ut til den danske toppserieklubben Randers ut 2011. Han hadde kontrakt med Brann ut 2012.Enig med dansk klubb om utlån frå brann.no
Kjelder
Bakgrunnsstoff Spelarprofil på brann.no
Kategori:Gambiske fotballspelarar Kategori:Brann-spelarar Kategori:Randers-spelarar