Stjernetistel (Carlina vulgaris) er ein art i korgplantefamilien. Utbreiingsområdet hans er Europa og Vest-Asia. Arten veks i Noreg, der han er rekna som nær truga.

Skildring mini|venstre|Stjernetistel i Südliche Fröttmaninger Heide. mini|venstre|Bladrosett mini|venstre|Avblomstra tistel med fnokk. Stjernetistel er ein toårig, lågvaksen og tornete urt som blir 10-60 cm høg. I det fyrste året dannar planten berre ein bladrosett, det andre året utviklar han ein opprett, ullhåra og raudleg stilk som greinar seg oppover. Både rosettbladet og dei spreidde, stilkomfemjande stilkblada er lansettaktige og utstyrte med kraftige tornar.

Blomestanden består av 2-5 korger på toppen av stengelen og greinene. Blomane er gule og omringa av sterkt merka ytre verneblad. Desse verneblada er hygroskopiske, det vil seia at dei reagerer på luftfukt ved å trekka saman ved tørke og sperra seg ut ved væte. Etter bløminga står den visne blomestanden att i over eit år i karakteristisk, lysgrå form. Fruktene har fnokk som gjer frøa eigna for vindspreiing.

Arten har to underartar, liten stjernetistel (subsp. vulgaris) med hovudtyngd i Vest- og Mellom-Europa og stor stjernetistel (subsp. longifolia) med hovedtyngden i Aust-Europa og Vest-Sibir. Begge underartane finst i Noreg.

Utbreiing I Noreg finst arten ved Oslofjorden og nordover til Mjøs-området. Utbreiinga av arten har gått tilbake til fragmenterte og isolerte populasjonar, truleg på grunn av mykje nedbygging av vekstområda hans og intensivert jordbruk med auka gjødsling eller meir utnytting av kantsoner.

I Sverige finst arten i Götaland og sørlege Svealand opp til Gästrikland, men er mindre vanleg i kalktrakter. Han er likevel vanleg på Öland og Gotland.

Habitat Stjernetistel trivst på tørr, kalkhaldig jord i mineralrike og solrike forhold. Han finst og er ein typisk art i blant anna på kalkrike gressletter, alvar og einerskogar. Basiske mineraljordarter gjev gunstig kjemiske forhold for dei kalkkjære plantane. Samstundes gjev god lystilgang og låg konkurranse arten høve til å etablera seg. Små, opne jordflekkar letter også frøspiring.

Arten er livskraftig ifølgje den svenske raudlista. men for å garantera at han skal vara krevst det at det finst slått- og beitemarker utan gjødsling for han. Bruk av beite eller slått, og reinsking for å motverka gjenvekst, om naudsynt, kan få arten til å halda seg ein stad. Reduksjon av gjødsling nokre stader og låg produksjon av høgvaksne plantar gjev nok lysinnslepp og plass til arten.

Namn

Vitskapeleg namn

Synonym Carlina bieberstenii Bern. ex Hornem. Carlina longifolia Rchb

Longifolia tyder ‘langbladig’.

Vulgaris tyder ‘allmenn’.

For avleiinga av Carlina finst det to teoriar: Tyska wikipedia, Silberdistel

Det finst ei tistelliknande symre som i ein norditaliensk dialekt blir kalla cardelina, dette namnet har gjennom namnet på fuglen stillits, Carduelis carduelis, (tysk Distilfink - tistelfink - blitt til latin Carduus, som blei det vitskaplege namnet på piggtistelslekta.   Ifølge ei skrøne skulle Karl den store (742-814), alternativt keisar Karl V  (1500-1558), ha hatt ein draum der ein engel sa at planten sølvtistel ville vera bra mot pest.   Planten fekk då namnet Karlsblume (karlsblome), noko som skulle bli rota til det latinske namnet på sølvtistel, Carlina acaulis.

Svenske namn

Blomtistel (Småland Spåmanstistel Stjärntistel (Småland)

Namnet spå(mans)tistel viser til at planten blei sagt å kunna spå om vêret. Etter bløminga står planten att over vinteren, og om våren syner dei tørka hylleblada ei hygroskopisk effekt: Ved høg relativ luftfukt (RH) trekk dei seg saman til eit røyr, ved låg RH står dei rett ut.

Mekanismen er at undersida av blada trekkjer til seg meir vatn enn undersida.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Spåtistel» frå , den 25. oktober 2026.

Bakgrunnsstoff

Den virtuella floran med utbreiingskart

Kategori:Korgplantefamilien Kategori:Viltveksande plantar i Noreg