Namnet på Beijing kjem frå pinyin Běijīng, som er romanisert frå det kinesiske . Pinyin-systemet for translitterasjon blei godkjent av kinesiske styresmakter i 1958, men pinyin-romaniseringa av bynamnet blei lite brukt av både kinesiske styresmakter og det internasjonale samfunnet fram til 1979.Lost Laowai. "From Peking to Beijing: A Long and Bumpy Trip ". Accessed 21 October 2012.
Etymologi mini|Inngang til Beiping by regjeringskontor i 1935.
Dei kinesiske teikna (‘nord’) og (‘hovudstad’) tyder saman ‘Nordleg hovudstad’. Namnet blei nytta for fyrste gong under styret til Yongle-keisaren frå Ming-dynastiet, som gjorde den nordlege heimen sin til ein andre hovudstad i lag med Nanjing (, ‘Sørleg hovudstad’), i 1403 etter å ha teke trona frå nevøen sin under Jingnan-kampanjen. Namnet blei gjenoppretta i 1949 då Folkerepublikken Kina blei grunnlagd.
Peking Portugal var det fyrste europeiske landet som fekk kontakt med Kina i moderne tid. På portugisisk blir byen kalla Pequim. Dette namnet dukka opp i brev frå Francis Xavier i 1552.Xavier, Francis, Letter to Didaco Perriera, 12 Nov 1552. Epistolae S. Francisci Xaverii aliaque eius scripta , vol. 2. Xavier gives the name as "Paquim."For another early usage, see Gaspar da Cruz, Tractado em que se co[m]tam muito por este[n]so as cousas da China, co[n] suas particularidades, [e] assi do reyno dormuz, 1569. Det blei overført til engelsk som «Pekin»Raleigh, Sir Walter, and Robert O. Dougan, (1596) The Discoverie of the Large, Rich, and Bewtiful Empyre of Guiana, Volumes 1-3, p. 50. og til fransk som «Pékin».
Jesuittmisjonæren Martino Martini nytta «Peking» i De bello Tartarico historia (Tartar- [Mandsju] krigen) frå 1654 og Novus Atlas Sinensis (Nytt atlas over Kina) (1655).Martini, Martino, De bello Tartarico historia, 1654.
Martini, Martino (1655), Novus Atlas Sinensis, "Prima Provencia Peking Sive Pecheli," p. 17. I 1665 blei verka til Martini gjenutgjevne som del av Atlas Maior (‘stort atlas’), eit svært lovprisa atlas av den nederlandske forleggaren Joan Blaeu.
På engelsk var både «Pekin» og «Peking» vanleg fram til 1890-talet, då det keisarlege Postkontor vedtok Peking.Lane Harris, "A 'Lasting Boon to All': A Note on the Postal Romanization of Place Names, 1896–1949 ". Twentieth Century China 34.1 (2008): 99.
Frå 1979 oppfordra kinesiske styresmakter resten av verda om å bruka pinyin. New York Times vedtok å bruka «Beijing» i november 1986. Associated Press og United Press International, som gav mesteparten av den globale nyhendedekninga i amerikanske medium, kom i fellesskap til ei avtale om å innføre stavinga «Beijing» frå 1. mars 1987."It's No Longer Peking", United Press International, via Syracuse Post-Standard, 2 March 1987, page A-3. BBC skifta til «Beijing» i 1990. «Peking» finst framleis i omgrep som «pekingesar», «pekingand», «Pekingmennesket», og er òg halde på i namnet til Peking University.
Uttale I Nord-Kina og i standardkinesisk er uttalen Běijīng (tonemteikna betyr høvesvis fallande og deretter stigande tonefall på e-en og dessutan eit høgt vedvarande toneleie på i-en). Det er elles beijingdialekten som ligg til grunn for standardkinesisk.
I dag samsvarar stavemåten Peking godt med uttalen i nokre sørkinesiske dialektar, som faktisk i mykje kan liggja nærare uttalen av eldre kinesisk.
Historiske namn på Beijing +Historiske namn på BeijingÅrNamn på byenDynastiNotarca. 1045 f.Kr.Ji-byen 薊 城Zhou,Krigarrika-tida221 f.Kr.Qin106 f.Kr.-318 e.Kr.Ji Youzhou-byen 幽州Han, Wei, Vest-Jin (晉) 319Seinare Zhao350Austre Jin (晉) 352–57Fyrste Yan370Tidlegare Qin385Seinare Yan397Norddynastia607Zhuojun 涿 郡Sui616YouzhouTang742Fanyang 範陽759Yanjing 燕京 765Youzhou907Seinare Liang911Yan (fem dynasti) 913Seinare Liang923Seinare Tang936Seinare Jin938Nanjing 南京Liao1122Nordlege LiaoYanjingJin (金) 11221123Yanshan 燕山 Song1125YanjingJin (金) 1151Zhongdu 中都1215YanjingYuan1271Dadu 大都1368Peiping 北平Ming1403Shuntian 順天14211644Qing1912Republikken Kina1914Jingzhao 京兆地方1928Peiping1937PekingProvisorisk regjering (japansk okkupasjon) 1940Wang-regimet (japansk okkupasjon) 1945PeipingRepublikken Kina1949 til noBeijingFolkerepublikken Kina Hovudstad av regionaldynasti eller kongedømmet Hovudstaden i Kina
Forkortingar På kinesisk er forkortinga til Beijing det andre teiknet i namnet, (‘hovudstad’). Dette blir til dømes brukt som prefiks på alle bilskilt gjevne ut av Beijing.
Med latinsk skrift er den offisielle forkortinga dei to initiallene til regionteikna, BJ.Standardization Administration of China (SAC). "GB/T-2260: Codes for the administrative divisions of the People's Republic of China ".
IATA-koden til Beijing Capital International Airport er PEK, basert på den tidlegare romaniseringa Peking. Den nye flyplassen, Beijing Daxing International Airport, har koden PKX.
På andre språk Beijing betyr «nord-hovudstad» på mandarin-kinesisk, men på kantonesisk heiter «nord» bak og «hovudstad» ging, så her er namnet til Beijing Bakging. På koreansk heiter byen derimot Pukyeong, av puk, ‘nord’ og yeong, ‘hovudstad’, og på japansk er namnet Hokyo, av hoku, ‘nord’ og kyo, ‘hovudstad’ (slik ein også finn det i Tokyo). Endeleg har Beijing namnet Bắc Kinh på vietnamesisk, der bắc betyr ‘nord’ og kinh betyr ‘hovudstad’.
Stader med liknande namn Sidan Tang-dynastiet har kinesisk historie hatt ei rekkje sekundære hovudstader med retningsnamn. Under Tang var dette Beidu (‘nordhovudstaden’, i Taiyuan i Shanxi); Nandu (‘sørhovudstaden’, fyrst Chengdu i Sichuan og seinare Jiangling i Hubei); Dongdu (‘austhovudstaden’, Luoyang i Henan); og Xidu (‘vesthovudstaden’, Fengxiang i Shaanxi).Theobald, Ulrich. China Knowledge. "Chinese History - Tang Dynasty 唐 (618-907): Map and Geography ". Accessed 19 October 2012.
Det har vore to andre byar kalla Beijing: ein nordleg hovudstad i Nordlege Song ved moderne Damming i Hebei;Theobald, Ulrich. China Knowledge. "Chinese History - Song Dynasty 宋 (960-1279): Map and Geography ". Accessed 19 October 2012. og den andre, den nordlege hovudstaden til Jurchen Jin som ligg i Ningcheng i Indre Mongolia.Theobald, Ulrich. China Knowledge. "Chinese History - Jin dynasty 金 (1115–1234): Map and Geography ". Accessed 19 October 2012.
Nanjing i Nordlege Song låg i Shangqiu i Henan. Jurchen Jin plasserte sin i Kaifeng,) som hadde vore «Dongjing» under Nordlege Song. Jurchen Jin hadde òg ein Dongjing (‘Austleg hovudstad’), som låg i Liaoyang i Liauing. Bortsett frå desse var det to Xijing (, ‘Vestleg hovudstad’): ein var Vesthovudstaden til Nordlege Song-dynastiet, som låg i Luoyang; den andre var den til Liao og Jurchen Jin i Datong. Liaoyang var Zhongjing (, ‘Sentral hovudstad’) i Liao-dynastietTheobald, Ulrich. China Knowledge. "Chinese History - Liao Dynasty 遼 (907-1125): Map and Geography ". Accessed 19 October 2012. og til slutt var ein annan Zhongdu (‘Sentrale hovudstad’) planlagd, men aldri fullført. Det var den foreslåtte hovudstaden i Ming-dynastiet som Hongwu-keisaren på 1300-talet som skulle plassert på staden for den øydelagde barndomsbyen hans Zhongli (), no Fengyang i Anhui.Eric N. Danielson, "The Ming Ancestor Tomb ". China Heritage Quarterly, No. 16, December 2008.
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Names of Beijing» frå , den 16. september 2026.
Delar av denne artikkelen bygger på «Namn på Beijing» frå , den 16. september 2026.
Kategori:Historie i Beijing Beijing Beijing