Sandkatt (Felis margarita) er eit lite rovpattedyr i kattefamilien som er del av slekta Felis. Han lever i område med sand- og steinørken i Nord-Afrika og Sørvest-Asia. Den næraste slektningen til sandkatten er ifølge Driscoll eit al.. (2007) afrikansk villkatt (F. lybica).Driscoll, C. A., Menotti-Raymond, M., Roca, A. L., Hupe, K., Johnson, W. E., Geffen, E., ... & Macdonald, D. W. (2007). The Near Eastern origin of cat domestication. Science, 317(5837), 519-523. doi: http://dx.doi.org/10.1126/science.1139518 Arten har 19 kromosompar.Stephen J. O'Brien, Joan C. Menninger, William G. Nash. 2006-04-14. Atlas of Mammalian Chromosomes. John Wiley & Sons, 14. apr. 2006 - 544 sider. Besøkt 2015-12-21 Det er anerkjent to underartar.
Skildring venstre|mini|Sandkatt Sandkatten er småvaksen, og er typisk mindre enn ein tamkatt. Hannar har ei kroppslengd på rundt 42-57 cm, medan hoer typisk måler 39-48 cm. I tillegg kjem halen på kring 22-35 cm. Hannar veg normalt 2-2,85 kg, medan hoer i snitt veg 1,6-1,8 kg. Det er litt storleiksforskjell mellom dei to underartane. Den afrikanske underarten blir noko mindre enn den asiatiske. doi: https://doi.org/10.1515/9780691211862-009
Pelsen varierer i farge frå sandfarga til meir grågul. Katten har mørke markeringsstriper øvst på framlemmene og på oversida og ytterdelen av halen. Den afrikanske sandkatten (nominatforma) skil seg frå den asiatiske gjennom å ha litt klarare og gulare utfarging. Ungdyr har meir synlege markeringsstriper på tvers av ryggen og nedover flankane enn fullvaksne individ. Håret sit i to lag og er mjukt, med tett underull og tettveksande dekkhår. Dette gjer at sandkatten ser større ut enn han verkeleg er.
Hovudet verkar relativt breitt, sidan øyra er breitt stilte og har svært brei base. Dei er middels lange og endar i spissar, og øyra kan vri seg i alle retningar. Dette gjev katten svært skarp høyrsle, noko som òg kjem av at det indre øyret er større enn vanleg hjå så små katter. Sandkatten kan mellom anna høyra gnagarar i gangane deira, i tillegg til at han lettare kan krypa gjennom tronge gangar og holrom ved å leggja øyra bakover. Dei store øyra bidrar kanskje òg til å auka fordampinga til dyret og førebyggja at overoppheiting.
Sandkatten er utbreidd i vestlege Nord-Afrika og i Sørvest-Asia, der han er kjend frå fem ulike område. Han trivst i sand- og steinørken med spreidd vegetasjon, som er tilstrekkeleg til at byttedyr kan trivast der. Han drikk gjerne, men klarer seg godt utan vatn ved å utnytta vassinnhaldet i byttedyra. Difor treng han ikkje å oppsøkja oasar og andre vasskjelder for å drikka, noko som gjer han mindre utsett for fiendar. Arten toler temperaturar mellom -5 og +52°C. Potane er dekke av lange hår som gjer at katten kan ferdast i gloheite omgjevnader. Han er nattaktiv, og kan grava seg ned i sanden for å unngå heita om dagen. Av virveldyr tek han mest smågnagarar, fuglar, mindre krypdyr og ungdyr av større artar. Han kan også eta insekt.
Sandkattar er dårlege til å klatra og hoppa, men dyktige til å grava. Katten er kjend for å grava ut grunne holer i bakken for å sleppa unna den verste varmen i ørkenmiljø. Slike holer er ofte delte med andre individ av arten, men ikkje samstundes.
Den farlegaste fienden til sandkatten er mennesket – ikkje berre ved fangst og ved å øydeleggje habitat, men òg ved å føra med seg eller etterlata tamme eller forvillahundar og kattar. Andre fiendar er blant anna sjakal, slangar og rovfuglar. Utanfor paringstida er sandkatten solitær (einsleg), men han forsvarar ikkje eige territorium.
Inndeling Inndelinga følgjer «Felids and Hyenas of the World». IUCN/SSC Cat Specialist Group støttar ny inndeling av kattefamilien (Felidae), og under dette også ei ny inndeling i gruppa av småkattar (Felis). Den nye inndelinga anerkjenner også inndelinga av kattefamilien i åtte distinkte kladar (sjå fylogeni over), ifølgje Johnson et al. (2006).Johnson, W. E., Eizirik, E., Pecon-Slattery, J., Murphy, W. J., Antunes, A., Teeling, E., & O'Brien, S. J. (2006). The late Miocene radiation of modern Felidae: a genetic assessment. Science, 311(5757), 73-77. doi: https://doi.org/10.1126/science.1122277
Felidae, kattefamilien Felinae, mindre kattedyr Felis, småkattar (tamkattlinja) F. nigripes, svartfotkatt F. chaus, jungelkatt F. margarita, sandkatt F. m. margarita (nominatforma), afrikansk sandkatt er utbreidd i nordvestlege delar av Nord-Afrika, og dessutan aust for Nilen i Egypt og i Sudan. F. m. thinobia, asiatisk sandkatt er utbreidd på Den arabiske halvøya og i Sørvest-Asia. F. bieti, kinesisk fjellkatt F. silvestris, europeisk villkatt F. lybica, afrikansk villkatt F. catus, tamkatt har kosmopolitisk utbreiing
Tidlegare blei det rekna med fire underarter til sandkatt, men det ser ut til at skilnadane for to av dei kan ha vore mest kliniske. Nyare forsking foreslår difor at dei to rasane harrisoni (Den arabiske halvøya og Sinaiørkenen) og scheffeli (Nushkiørkenen i Pakistan) skal inkluderast i asiatisk sandkatt. Ein treng likevel vidare fylogeografiske studiar for å avklara spørsmålet om underarter.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sandkatt» frå , den 11. september 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kattedyr