Plzeň-jih okres eller Sør-Plzeň er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Plzeň kraj i Tsjekkia. Det ligg sentralt i regionen og omkrinsar den sørlege delen av Plzeň med grenser i nordaust mot Sentral-Böhmen, i søraust mot Sør-Böhmen.
Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).
Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Plzeň-jih okres:
Blovice SO Nepomuk SO Přeštice SO Stod SO
Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Blovice SO 10 946 11 782 12 078 Nepomuk SO 11 272 11 475 10 931 Přeštice SO 19 937 22 003 22 206 Stod SO 20 865 23 296 23 998 Plzeň-jih okres 63 020 68 556 69 213
Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Dobřany 6 971 Přeštice 6 591 Holýšov 5 025 Blovice 3 999 Nepomuk 3 564 Stod 3 580 Spálené Poříčí 2 795 Kasejovice 1 246
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Plzen-jih Plzen-jih