Kurt Lundqvist () var ein svensk friidrettsutøvar frå Landskrona som i 1938 vart europameister i høgdehopp.

Aktiv Lundqvist vart svensk meister i høgdehopp i 1933. Både i 1934 og 1936 deltok han i landskampar mot Noreg på Bislett stadion i Oslo. I 1934 vart han klart slått av Birger Halvorsen,Aftenposten 27.august 1934 to år etter vann Lundqvist øvinga.

Åra 1935 til 1938 vann Lundqvist øvinga i samtlege fire svenske friidrettsmeisterskap. Den 28. august 1937 hoppa han over 1,98 meter ved den nasjonale meisterskapen i Göteborg, og sletta dermed den tolv år gamle landsrekorden.

I sin einaste internasjonale meisterskap vann Lundqvist gullmedaljen i høgdehopp ved EM i friidrett 1938 i Paris. Sigeren markerte starten på ein 20 år lang periode med svensk dominans i øvinga, med di Anton Bolinder, Bengt Nilsson og Richard Dahl alle vart meister i høgdehopp for Sverige i tre av dei fire neste europameisterskapane.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kurt Lundqvist» frå , den 6. juli 2026.

World Athletics

Kategori:Svenske høgdehopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Sverige Kategori:Folk frå Landskrona