Pentti Kalervo Eskola () er ein finsk tidlegare friidrettsutøvar frå Vesilahti som tevla i lengdehopp. Han var den fyrste finnen som hoppa over åtte meter.
Aktiv Eskola forbetra den finske rekorden i lengdehopp fem gongar i åra 1962 og –63. Han overtok rekorden i august 1962 med eit hopp på 7,86 m. Dermed sletta han den legendariske finske rekorden på 7,77 meter, sett av Jorma Valkama i 1956. Samstundes med Eskola konkurrerte også landsmannen Rainer Stenius i lengdehopp. Under EM i friidrett 1962 i Beograd vann Stenius sølvmedaljen og Eskola bronsen med 7,85 m.
Sesongen 1963 vart Eskola sitt toppår, han flytta då landsrekorden ved fire høve. Det tok til i april i Pretoria, med fyrst 7,89 m og ei veke seinare med 7,93. I mai var han heime i Finland og forbetra rekorden til 7,99 meter i Viiala. Den 4. juli hoppa han 8,04 meter under den finske meisterskapen i Helsinki. Med dette resultatet kom han på tredjeplass på årsbeste-statistikken i verda for 1963. To veker tidlegare før rekordhoppet i Helsinki landa han på 8,15 m, under ei tevling med altfor mykje medvind.
Den 1. august 1963 vart Eskola nordisk meister i lengdehopp, langt framom Rainer Stenius. To år seinare bytte dei to plass att ved den neste nordiske meisterskapen i fridrett, då sigra Stenius med 7,89 m mot Eskola sine 7,77 m. I det mellomliggande 1964 sleit Eskola med skade og makta ikkje kvalifisere seg til OL-finalen i Tokyo. Under europameisterskapen 1966 i Budapest vart han sjuandemann med eit bestehopp på 7,51 m.
Eskola deltok i 17 landskampar. Fem av desse galdt Finland-Sverige, her sigra han i 1967 lengde-tevlinga.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pentti Eskola (yleisurheilija)» frå , den 4. juli 2026.
World Athletics
Kategori:Finske lengdehopparar Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964