Lars Anton Moe () var ein norsk prest og politikar frå Verdal som var ordførar i Kistrand og stortingsmann i 1879.

Moe var i fem år læring ved apoteket i Levanger. Sidan gjekk han Heltberg-skulen i Kristiania og vart cand.theol. i 1869. 1870–77 sokneprest i Kistrand og Karasjok, deretter sokneprest i Hammerfest til 1884. Etter berre 2 år sokneprest i Skjerstad, fekk han tilsvarande embete i Ålesund. Til sist var han sokneprest i Nordre Land 1898–1910. Han flytta til hovudstaden og døydde der.

Moe var ordførar 1872-77 i Kistrand, bystyremedlem 1878-84 i Hammerfest og 1886-98 i Ålesund. I Kistrand var han også forlikskommissær 1873-77. 1879-sesjonen møtte han i Stortinget som 2. varamann frå Finmarkens amt, og var medlem i Næringskomite nr. 2.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar for Finnmark Kategori:Ordførarar i Kistrand Kategori:Norske lutherske prestar Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Folk frå Verdal