Norsk raudliste for naturtypar er laga av Artsdatabanken i samarbeid med fagekspertar og viser kva for naturtypar som står i fåre for å forsvinne i Noreg. Lista famnar natur på land, i ferskvatn og i havet, og gjev eit samla bilete av tilstanden til norske naturtypar. Kriteria frå Verdas naturvernunion (IUCN) sin metode for raudlisting av naturtypar ligg til grunn for risikovurderingane i raudlista.

Dei vurderte naturtypane eller vurderingseiningane i raudlista er definerte i type- og variabelsystemet til Natur i Norge (NiN). Ved å nytte NiN-definerte naturtypar får ein standardiserte vurderingseiningar, og då kan ein vurdere naturtypane på ein samanliknbar skala. Den nyaste raudlista for naturtypar, frå 2025, er basert på NiN 3.0.

Kunnskapen frå raudlista vert brukt i arealplanlegging og naturforvaltning, og er viktig for å ta vare på naturmangfaldet og sikre at dei økologiske funksjonane i naturen skal halde på lang sikt. Dette vert fylgt opp gjennom kartleggingsinstruksen til Miljødirektoratet. Denne instruksen skildrar ei standardisert kartlegging av 111 terrestriske naturtypar(etter NiN2), der 83 av desse er raudlista i Norsk rødliste for naturtyper 2018.

Negativ menneskeleg påverknad er den viktigaste årsaka til at naturtypar hamnar på raudlista, og då særleg arealendringar gjennom nedbygging og landbruk. I tillegg spelar klimaendringar ei stadig større rolle og påverkar mange naturtypar over store areal.<ref>

Kjelder

Kategori:Miljøvern i Noreg Kategori:Norsk natur