Méde eller medrag er eit merkeverktøy brukt i båtbyggarfaget og tømrarfaget. Mest kjend er det i tømrarfaget og i laftinga. Ein méde vert brukt til å kopiere formar på treverk. i lafting er han heilt essensiell for å få huset til å bli tett. Méden kopierer stokkformen til den nedre av to stokkar opp på den øvre. Å tilpasse to stokkar slik heiter å médra. Ein méde kan også brukast til å tilpasse blant anna kledning og lister til vegger, golv og skorsteinspiper.

I utgangspunktet finst det fire forskjellige méder: Skrap, stillbar méde, méde med faste klør og maur. Skrapen er ein passar med krok mot spissen av passararmane. Den stillbare er to samansmidde jernkroker med spiss på tuppen. Desse kan justerast med ein ring og kile. Dess lengre opp ein dyttar ringen, dess mindre avstand vil det bli mellom krokspissane. Méder med faste klør har i utgangspunket fire faste mål, to små og to store. Dei små er omtrent 1/3 av dei store, og blir kalla maurar. Ein kan også ha ein eiga maur for seg sjølv, utan dei store klørne. Da er formålet finjustering av mosefar eller kinning i ein laftestokk.

Kjelder

Kategori:Trearbeidsverktøy