First House er eit norsk lobbyselskap og kommunikasjonsbyrå starta i 2009. Dagleg leiar i 2026 er Jon Georg Dale. Selskapet tilbyr ei rekke forskjellige tenester innan kommunikasjon og rådgjeving, og har 53 tilsette.
Fleire viktige profilar frå norsk politikk er og har vore tilsette. Selskapet har fått kritikk for å ikkje gje innsyn i kundelister. I tillegg vert selskapet kritisert for å flytta makt frå folkevalde til privat næringsliv.
Historie Selskapet vart starta i 2009 av Bjørn Richard Johansen, med støtte frå Per Høiby, Jan-Erik Larsen, Hans-Christian Vadseth og Bjarne Håkon Hanssen. Selskapet tilbyr blant anna kommunikasjonstenester, rådgjeving, politisk analyse, krisehandtering, medietrening og hjelp til fusjonar og oppkjøp.
Selskapet er kjend for å ha hemmelege kundelistar, noko som har skapt kontrovers. I oktober 2013, etter at Sylvi Listhaug vart utnemnd som statsråd, vart kundelistane hennar frå selskapet sett under søkjelys når dei ikkje ville offentleggjer lista etter at kontrollkomiteen på Stortinget kravde innsyn. Selskapet argumenterte med at kundelista var konkurransesensitiv. First House tilråda seinare kundane å vera meir opne. Då Tor Mikkel Wara i 2018 gjekk på som statsråd, vart dei hemmelege kundelistene igjen sett under søkjelys.
I 2014 vart selskapet kåra til årets konsulentselskap i Noreg av Konsulentguiden.
I 2020, vart Anne Solsvik og First House sett under søkelys for å fiksa møte med kundar då ho var statssekretær.
I 2025 hadde selskapet 53 tilsette og i 2024 nesten 150 millonar kronar i omsetjing.
I 2025, gjekk mangeårig dagleg leiar Per Høiby av, og tidlegare statsråd Jon Georg Dale tok over. Høiby var dagleg leiar i First House frå og med skipinga.
Då Tina Bru og Ingvild Kjerkol i 2025 gjekk over til First House var dei møtt med kritikk frå tidlegare stortingskollegaer.
First House er kjend for å tilsette tidlegare politikarar som Sylvi Listhaug, Tina Bru, Ingvild Kjerkol, Ida Lindtveit Røse, Tor Mikkel Wara, Jon Georg Dale, Bjarne Håkon Hanssen og andre.
Saman med andre lobbyselskap har First House vorte kritisert for å flytta makt frå demokratiske organ til privat næringsliv. Dei som er uenige med kritikken meiner at lobbyverksemd bidreg med meir erfaring frå næringslivet. Særleg har kontakten med Framstegspartiet vorte kritisert.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skipingar i 2009 Kategori:Norske medieføretak