Arild Lund () er ein norsk funksjonær og politikar frå Tjølling i Vestfold. Han representerte Vestfold og partiet Høgre i Stortinget 1993-97.
Arild Lund var frå 1964 til 1975 kontorsjef i familieselskapet Arne Olav Lund A/S i Larvik. Sidan var han mellom anna kontorsjef for Gunnar Larsen A/S i Sandefjord i 1977-81.
Etter å ha vore med medlem i Tjølling kommunestyre perioden 1968-71, var Lund varaordførar perioden 1972-75. Fireårsbolken 1976-79 var han skulestyreformann i Tjølling. I to etterfylgjande valbolkar, 1980-87, var han så ordførar i Tjølling. Etter Tjølling og fleire andre kommunar vart slått saman i 1987 var Lund ordførar på heiltid i den nye kommunen Larvik fram til 1991. Hausten 1993 var han Vestfold Høgre sin andrekandidat ved stortingsvalet og lukkast få plass i det nye Stortinget. På tinget var han medlem i Kommunalkomitéen.
Lund gav i 1992 ut boka Larvik, liv og landskap på Dreyer Forlag.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold Kategori:Ordførarar i Tjølling Kategori:Ordførarar i Larvik Kategori:Høgreordførarar i Vestfold Kategori:Folk frå Larvik