Sogn Folkeblad/Sogn Dagblad var ei nynorsk avis som vart gjeven ut frå 1938 til 1997. Avisa vart skipa som Sogn Folkeblad i desember 1938 av Sogn og Fjordane Arbeidarparti og kom ut i Leikanger. Andre verdskrigen stansa utgjevinga, men avisa kom i gang igjen frå Høyanger i 1945.
I 1949 vart det skipa eit aksjeselskap som skulle stå for utgjevinga. Fram til desember 1965 kom avisa ut fire gonger i veka, før ho vart dagsavis med seks utgåver i veka og endra namn til Sogn Dagblad.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sogn Folkeblad/Sogn Dagblad» frå , den 11. mars 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Nynorske tidsskrift Kategori:Tidlegare norske tidsskrift Kategori:Skipingar i 1938 Kategori:Nedleggingar i 1997