Sissal Jóhanna Norðberg Niclasen (), kjend berre som Sissal, er ein færøysk songar. Ho representerte Danmark i Eurovision Song Contest 2025 med songen «Hallucination».

Tidleg liv Sissal vart fødd i Tórshavn, hovudstaden på Færøyane, og er dotter av den færøyske kunstnaren Mikkalina Norðberg.

Karriere Sissal fekk gjennombrot i 2005 då ho vann den færøyske songkonkurransen for barn, Nósa Barnaprix, med songen «Summarið er komið». I 2010 vann ho den årlege songkonkurransen Ársins Songrødd.

Sissal gav ut sin første EP, Hear Me Now, i 2025. I februar 2025 vart ho kunngjord som ein av åtte deltakarar i den årlege Dansk Melodi Grand Prix med songen «Hallucination». Ein samla jury- og publikumsrøysting sikra henne sigeren, og dermed høvet til å representere Danmark i Eurovision Song Contest 2025 i Basel. Ho er den andre færøyske artisten som har representert Danmark i Eurovision Song Contest, etter Reiley i 2023. Ho kvalifiserte seg frå den andre semifinalen den 15. mai, noko som braut ein seks år lang periode utan dansk kvalifisering til Eurovision-finalen, og førte Danmark til finalen for første gong sidan 2019. I finalen enda ho på 23. plass med 47 poeng.

Seinare i 2025 vart ho kunngjord som ein av ti kjendisar som deltok i den 22. sesongen av Vild med dans, den danske versjonen av Skal vi danse, der ho dansa saman med den profesjonelle dansaren Eugen Miu. Dei vart det fjerde paret som rykte ut av konkurransen.

I januar 2026 vende ho tilbake til Dansk Melodi Grand Prix med songen «Infinity». Dette var den andre deltakinga hennar på rad i den danske nasjonale utveljinga. Ho enda på tredjeplass i superfinalen.

Musikalsk stil Sissal har nemnt den norske songaren Dagny og den svenske songaren Robyn som nokre av sine musikalske førebilete.

Privatliv I 2020 flytta Sissal til København for å satse på ein internasjonal musikkarriere. Ho har to døtrer.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sissal» frå , den 3. mars 2025.

Kategori:Færøyske songarar Kategori:Dansk Melodi Grand Prix-vinnarar Kategori:Danske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Danske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-låtskrivarar