«Non ho l'età» (norsk omsetjing ‘eg er ikkje gammal nok’), òg kalla «Non ho l'età (per amarti)», er ein italiensk slagerballade som vann Eurovision Song Contest 1964 for Italia. Songen er komponert av , medan har skrive teksten. Songaren Gigliola Cinquetti framførte han i Sanremo-festivalen og i Eurovision Song Contest. Dette var Italia sin første siger i tevlinga, og songen vart ein stor kommersiell suksess.

Songteksten «Non ho l'età» går òg under tittelen «Non ho l'età (per amarti)» (norsk ‘eg er ikkje gammal nok til å elske deg’). Teksten fortel om ein lengtande ungdom som så gjerne skulle vore eldre, meir erfaren og moden nok til å kaste seg ut i kjærleiken saman med den ho elskar. Ho er for ung til å elske, for ung til å gå ut åleine med den ho er glad i, og ho veit så lite om livet.

Eurovision Song Contest «Non ho l'età» vann den italienske songtevlinga Sanremo-festivalen vinteren 1964, der han vart framført av høvesvis Gigliola Cinquetti og . Til slutt valde den italienske kringkastaren Rai å la den 16 år gamle Gigliola Cinquetti syngje songen i Eurovision Song Contest i København laurdag 21. mars 1964. I den europeiske finalen var «Non ho l'età» det tolvte bidraget på scena av 16 deltakarar, og etter framføringa fekk Cinquetti trampeklapp og stormande jubel frå publikum i .

Røystinga vart ein einaste lang parademarsj for Italia, og «Non ho l'età» leidde heile vegen. Til slutt vann han tevlinga med 49 poeng – nesten tre gonger så mange poeng som andreplassen Storbritannia med 17 poeng. Den norske juryen gav likevel ingen poeng til den italienske songen.

Suksess Sjølv om den norske juryen gav songen null poeng, vart «Non ho l'età» ein populær song i Noreg. Han vart liggjande på VG-lista i heile 16 veker, med ein tredjeplass som beste notering. Dette var den største italienskspråklege slageren i Noreg sidan sin «» i 1960, og det vart òg den siste på rundt to tiår.

Songen hadde òg betydeleg kommersiell suksess elles i Skandinavia, på kontinentet og for første gong i Storbritannia, der låten låg på singellista i heile 17 veker. Cinquetti spelte dessutan inn songen på fleire språk. På engelsk heitte han «This Is My Prayer», på spansk «No tengo edad», på fransk «Je suis à toi». Ho song han til og med inn på japansk, under tittelen «Yumemiru omoi». Ei rekkje artistar har òg spelt inn eigne versjonar av «Non ho l'età», mellom anna bulgarske og frå Hongkong.Thorsson, Leif. Melodifestivalen Genom Tiderna. Premium Publishing, Sweden. 1999 ISBN 91-89136-00-4Rateyourmusic.com, Gigliola Cinquetti, discography entry

Listeplasseringar Liste (1964)Høgasteplassering, Flandern (Ultratop 50)1, Vallonia (Ultratop 50)1 (Top 20)1 (IFOP) Velg Gigliola CINQUETTI fra rullemenyen og trykk OK.1 (Musica e dischi)1 (Single Top 10)2 (VG-lista)3 (Official Singles Chart)17 (Kvällstoppen)8 (Offizielle Deutsche Charts)3

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Non ho l’età» frå , den 13. februar 2026.

Kategori:Italienske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest-vinnarsongar Kategori:Eurovision Song Contest 1964-songar Kategori:Italienskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Festival della Canzone Italiana di Sanremo-songar