Johan Carl Fenne Nielsen () var ein norsk jurist og sorenskrivar frå Risør i Aust-Agder. Han vart stortingsmann i 1842.

Far hans var skipper og skipsreiar. Sjølv tok Nielsen dansk juridisk eksamen i 1812 og arbeidde frå 1815 som kopist i statssekretariatet. Deretter 1818-21 bokhaldar ved det Ankerske fideikomiss og 1821-26 fut og sorenskrivar i Øst-Finmarken. Etter to år som fungerande fut i Nedre Romerike, var han frå 1830 fut i Råbyggelaget. Sorenskrivar 1841-49 i Ryfylke og til sist i Numedal og Sandsvær til han døydde på Kongsberg.

Nielsen var 1. representant frå Nedenes og Råbyggelaget i 1842-stortinget. Han var då medlem i Gasje- og pensjonskomitéen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Norske juristar Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Folk frå Risør