Seppe Guido Yvonne Herreman (), profesjonelt kjend som Red Sebastian, er ein belgisk songar og låtskrivar. Han representerte Belgia i Eurovision Song Contest 2025 med songen «Strobe Lights».

Karriere mini|venstre|portrett|Red Sebastian opptrer på Eurovision in Concert I 2025. Seppe Herreman vart fødd 13. mai 1999 i kystbyen Oostende i Belgia. I 2013 deltok han, berre fjorten år gammal, i den andre sesongen av TV-programmet Belgium’s Got Talent på den flamske kanalen VTM. Med songen «Ain’t No Other Man» av den amerikanske artisten Christina Aguilera nådde han finalen. Etter vidaregåande skule studerte Herreman song ved Royal Academy of Fine Arts (KASK) i Gent, der han mellom anna hadde den flamske songaren Gustaph som lærar. Han har spela piano sidan han var ni år gammal.

I 2019 valde han å halde fram karrieren under artistnamnet Red Sebastian, inspirert av den raude jamaicansk-talande songkrabben Sebastian frå Disney-filmen The Little Mermaid (1989). Herreman var ein stor fan av filmen som barn. Han gav ut debutalbumet You i 2021, med «Embrace Me» som hovudsingel. I 2024 deltok han i VTM sitt talentprogram Sing Again, der han kom til finalen.

I 2025, etter å ha signert kontrakt med plateselskapet CNR Records, var Red Sebastian ein av dei åtte finalistane i TV-konkurransen Eurosong 2025, sendt på den flamske kanalen VRT 1, med songen «Strobe Lights». Låten var hans hyllest til den belgiske ravekulturen. Han vann konkurransen med totalt 423 poeng og fekk dermed representere Belgia i Eurovision Song Contest 2025. Han deltok i den første semifinalen 13. mai 2025, der han ikkje kvalifiserte seg til finalen etter å ha enda på 14. plass av 15 deltakarar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Red Sebastian» frå , den 2. desember 2025.

Kategori:Belgiske songarar Kategori:Belgiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Belgiske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-låtskrivarar Kategori:Folk frå Oostende