Geir Aksel Røse () er ein norsk tidlegare handballspelar frå Oslo. Han var med på å vinne seks seriemeisterskap og ein cupfinale med Oppsal Idrettsforening. Røse var rykkromspelar.

Karriere Klubbspel Røse var aktiv i Brynjar IF til 1966. Frå hausten 1966 spelte han på Oppsal IF sitt handballag i over 30 år. Perioden 1971-83 var laget heilt i toppen av norsk handball og vart seriemeister heile seks gonger. I cupspelet lukkast Oppsal ikkje like godt, vart noregsmeister einast i 1973.

Landslagsspel Røse landslagsdebuterte 9. november 1971 mot Romania. Under Sommar-OL 1972 var han med i det norske mannskapet som kom på niandeplass i leikane. Fram til 2. mars 1979 deltok han i 55 landskampar og skåra 82 mål. Etter ganske svake kampar mot Austerrike og Israel vart både han og Oppsal-kollega Kristen Grislingaas vraka frå vidare landslagsspel.

Merittar Seriemeister: 1971, 1972, 1973, 1976, 1978, 1980 med Oppsal IF Noregsmeister: 1973 med Oppsal IF

Kjelder handball.no

Kategori:Norske handballspelarar