Brude-egget var ein overbygd livbåt teikna og konstruert av båtbyggaren Ole Brude i Ålesund. Det vart til saman bygd 22 Brude-egg og det blir rekna som ein av dei første overbygde livbåtane. Båten hadde ikkje motor, men var utstyrt med segl.
I 1904 seglde Ole Brude saman med tre andre prototypen «Uræd» frå Ålesund over Atlanterhavet med det mål å nå fram til New York for deretter å få det vist fram på Verdsutstillinga i St. Louis, Missouri, men på grunn av uvêr tok det lengre tid enn planlagd og han nådde aldri New York. I staden enda ferda i Gloucester, Massachusetts (nord for Boston) i januar året etter, men då var verdsutstillinga over.
I dag eksisterer det 2 Brude-egg. Det eine er den restaurerte «Uræd» som står utstilt på Grimmerhaugen på Aalesunds Museum. Det andre er eit egg som i si tid vart kassert av Sjøfartsmuseet (Norsk maritimt museum), men som i dag står i ein åker i Gansdalen i tidlegare Fet kommune.
I TV-serien Norsk attraksjon presenterte Linda Eide livbåten i sesong 3, januar 2012. Båten vart i samband med det sjøsett, og ifølge NRKNRK: Norsk attraksjon gjekk denne testturen Brudeferden i Hardanger ein høg gong.
Galleri
Kjelder
«Egget som skulle til Amerika», NRK, 13. april 2022
Kategori:Norske båtar