mini|Løftelås montert på ein Ferguson TE 20. Løftelås er ei innretning som låser løftearmane på trepunktsopphenget på ein traktor i ei bestemt stilling. Det er utforma som ein T, med eit horisontalt stag festa mellom endane på løftearmane på tvers av traktoren og eit stag i lengderetning som i framkant er festa i toppstagfestet. Det langsgåande staget er teleskopisk, med eit indre stag, festa i toppstagfestet på traktoren, som glir ut og inn i det ytre staget. Dei to staga kan låsast saman når trekkstengerne er i ein bestemt posisjon.

Løftelås vart innført for bruk på traktorar produserte av Ferguson, på grunn av at desse ikkje vart utsyrte med posisjonskontroll som heldt trekkstengerne i ein bestemt posisjon. Trepunktsopphenget hadde automatisk djupnekontroll, men dette fungerte berre når toppstaget vart trykt framover, som til dømes ved pløying. At det ikkje var posisjonskontroll førte til at det umuleg å halda løftearmane i ein bestemt posisjon; trekkstengerne ville sakte bevega seg opp eller ned. Traktorane kunne difor utsyrtast med mekanisk løftelås som ekstrautstyr. Moderne traktorar er utstyrte både med posisjons- og automatisk djupnkontroll og treng ikkje mekanisk løftelås.

Kategori:Traktorar