Elias Håvardsson Hellesylt () var ein jekteskipper frå Sunnylven på Sunnmøre.
Elias var frå Hellesylt. Foreldra var husmannsfolk utan jord, og faren bleiv i Storfjorden då Elias var berre gutungen. Hausten 1838 var Elias skipper på jekta «Foreningen», på veg til Kristiansund med bark og talg (=kjøt). Elias «var ein dugande kar til sjøs, men så vart han no liggjande, nord for Buatunga [på Hustadvika]. Han og ein Sølfest var av til Trondheim med ein borkalast og var på heimveg, var komne nord for Bu[d]. Så kom stilla på dei, og dei dreiv opp på eit skjer. Sølfest smurde til, bykste utabords og berga seg opp på skjeret. Elias bykste vel og i sjøen, men Sølfest såg ikkje meir til han. Folk kom til og berga Sølfest.» Truleg hende dette ein gong tidleg i 1850-åra.
Elias fekk to born med Inger Jansdotter Ytre-Bjørdal, dei var neppe gift.
Kjelder Romsdals Amtstidende 20. oktober 1838 Sunnylven og Geiranger II, s. 456
Kategori:Norske skipsførarar Kategori:Folk frå Sunnylven Kategori:Folk frå Stranda